Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
fjellparti mellom Vik og Voss

Høyring namnesak

I samband med oppstart av namnesak 2020/92-Vikafjell/Vikafjellet har Kartverket sendt saka til lokal høyring i Vik kommune i samsvar med §8 i lov om stadnamn.

Lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.

Vik kommune samordnar høyringsuttalane og sender dette til Språkrådet som gir tilråding til Kartverket som skal gjera vedtak.

Eventuell uttale skal sendast til Vik kommune, postboks 134, 6891 Vik i Sogn, eller på e-post til: postmottak@vik.kommune.no

Brevet frå Kartverket kan du lesa her (pdf).

Frist for å koma med høyringsuttale er 10.april 2020.

 

Tips ein ven  Skriv ut