Detaljregulering Blix hotell m.m

Høyring og offentleg ettersyn av detaljregulering Blix hotell m.m.

I samråd med vedtak i  formannskapet, sak 103/18, vert framlegg til detaljregulering for Blix hotell m.m. lagt ut til høyring og offentleg ettersyn (Plan- og bygningslova §12-10).

Det vart varsla oppstart av planarbeid i 2012 og vidare vart det varsla utviding av planområdet sommaren 2017.

Planområdet er på ca. 23daa og ligg aust for RV13 i Vik sentrum. Området strekkjer seg frå Tine Meieriet Vik i sør til og med Dampen i nord. Planen legg til rette for vidare sentrumsutvikling med hotell og bevertning, forretning, tenesteyting, bustad og kontor. Planen gir også rom for vidareutvikling av næringsverksemda til Tine Meieriet Vik.

Planforslaget legg til rette for eit ryddig og tenleg vegsystem med gode tilkomstforhold for alle partar i området. 

Planlagt arealbruk er i samsvar med gjeldande kommuneplan.

reguleringsplan

Plandokument i PDF-format:

Plankart
Illustrasjonsplan
Planføresegner
Planomtale  ROS-analyse

I tillegg har du tilgang fylgjande saksdokument:

Rapport frå kulturminneregistrering i 2017
Sakspapir, saksnr. 103/18, handsaming i formannskapet

Dokumentet planomtale gjer greie for bakgrunn for planarbeidet, forhold i planområdet og utforming av planen. Planomtalen er av orienterande karakter.

Plankart og planføresegner er juridisk bindande.

Illustrasjonsplanen viser døme på korleis området kan byggjast ut.

Planframlegget er utarbeidd av Vik kommune i samarbeid med Arkitektfirma Jon Vikøren as.

Ta kontakt med Vik kommune v/Turid K Brekke du har spørsmål til planframlegget.


Bruk formularet nedst i denne artikkelen til å senda inn høyringssvar, eller send epost til postmottak@vik.kommune.no

Høyringsinstansar og partar i planområdet vert varsla med eige brev. Plandokumenta  finn du under, i tillegg vert dei  lagt ut i papirformat på kommunehuset. Høyringsfrist er 1. mars 2019.
 





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut