Sone-inndeling

Høyring - utbygging av breiband i Vik kommune

Vik kommune vil søkja om statleg tilskot til utbygging av breiband i kommunen. Kommunen vurderer også i år å levera to søknader; ein for Fresvik og ein for Arnafjorden. Eit av krava til søknaden er at planen for utbygging skal vera lagt ut til offentleg høyring i minst ein månad. Bedrifter og innbyggjarar som ønskjer å uttala seg til høyringa må gjera dette innan 21. april 2016.

Arnafjord
Arnafjord

Kommunen arbeidar for at innbyggjarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon både gjennom fast- og mobilnett. Det er bygd ut fiberbasert aksessnett til deler av kommunen, men mange har framleis eit aksessnett basert på ADSL og radiolinje med låg kapasitet og kvalitet.

Dagens samfunn baserer store deler av tenestetilbodet på at innbyggjarane har tilgang til internett.  Sogn og Fjordane er det fylket i landet med dårlegast dekning av høghastigheits breiband. Utbyggingsbehovet i kommunane er stort.

For å betra situasjonen vil Vik kommune søkja om finansiering til å byggja ut høghastigheits breiband til innbyggjarar, næringsliv og offentlege institusjonar i område som i dag manglar eit tilfredsstillande tilbod. I tråd med Kommunestyret sitt vedtak av 25.04.2013, sak 019/13, vil me i denne søknadsrunden prioritera følgjande område:

  1. Fresvik
  2. Arnafjord

Regjeringa har gitt "Nasjonal kommunikasjonsmyndighet" (NKOM) i oppgåve å administrera tilskotsordninga. Kommunar og fylkeskommunar kan søkja NKOM om støtte.

I samband med søknaden vil me invitera bedrifter og innbyggjarar til å koma med innspel i forhold til utbyggingsplanane til kommunen.

Fristen for høyringa er 21. april 2016.  Innspel kan sendast på e-post til postmottak@vik.kommune.no og merkast "høyringsuttale breibandsutbygging". Du kan og senda inn din merknad ved å nytta skjema nedanfor. Merknaden går då direkte til kommunen sitt postmottak.

 






Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut