Høgretjørn

Restriksjonar på privat vatning i Vik og på Vangsnes

På grunn av kapasiteten på produksjon av vatn, må kommunen på nytt avgrensa forbruket til privat vatning, og det blir innført sonevatning frå og med i dag.

Restriksjonane gjeld for alle private abonnentar knytt til Vik, Bødalen og Vangsnes vassverk, og gjeld vatning med hageslange. Restriksjonane gjeld ikkje for næringsverksemd.

Som sist infører me vatning innafor avgrensa periodar slik:

  • Husstandar med partal som husnummer: Vatning måndag og onsdag frå 18.00 til 21.00
  • Husstandar med oddetal som husnummer: Vatning tysdag og torsdag frå 18.00 til 21.00


 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut