fersk fjellaure

Undersøkingar i Hopra

Ytre Sogn vassområde har hyra inn konsulentar til å vurdere miljøpåverknaden av forbyggingar og utrettingar i eit utval elver. Undersøkinga vil særleg handle om korleis laks og aure blir påverka, og kva grep som kan gjerast for å styrke fiskebestandane i elvene. Undersøkinga er ein del av oppfølginga av vassforskrifta, og blir gjort i samarbeid med fleire kommunar i fylket og fylkeskommunen.

Det er konsulentselskapet NORCE (tidlegare Uni Research Miljø) som skal utføre oppdraget. I felt skal dei m.a. gjennomføre habitatkartlegging, som går ut på å registrere botnsubstrat, skjulforhold, gyteområde, elvemorfologi, vandringshindre, kantvegetasjon m.m. I tillegg skal det utførast elfiske og gytefisktelling i enkelte av elvene. Undersøkingane vil bli utført i oktober 2018, dersom vassføringa tillèt det.

I Vik kommune er det elva Hopra som er med i undersøkinga (sjå aktuell elvestrekning på kartet). Det skal ikkje utførast elfiske og gytefisktelling.

kart

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut