Tenester A-Å
Individuell plan - koordinering av helse- og omsorgstenester og/eller sosialtenester
Generelt
Tenesteomtale
Du har rett til å få oppnemnt ein personleg koordinator og utarbeidd ein individuell plan dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester frå det offentlege tenesteapparatet. Den individuelle planen skal sikra deg målretta og samordna tiltak.
Ein personleg koordinator skal bidra til at dine ynskjer og behov vert høyrt og ivareteke. Koordinatoren si hovudoppgåve er å sikra eit heilskapleg, målretta og samordna tenestetilbod slik at du opplever auka livskvalitet og deltaking.
Dersom du ynskjer individuell plan, skal dette utarbeidast i kommunen. Individuell plan er eit dokument der dine mål, og arbeidet rundt desse, blir strukturert på ein oversiktleg måte. Dette dokumentet kan sikra betre samhandling mellom dei ulike tenesteytarane og deg.
Målgruppe
Kven kan ha behov for personleg koordinator?
- Personar som grunna skade, eller sjukdom har funksjonstap som gir dei vanskar i dagleglivet.
- Personar med gradvis svekka funksjonsevne over tid.
- Personar med kroniske sjukdommar.
- Personar med medfødt funksjonssvikt.
- Personar med fysiske, psykiske, eller sosiale problem.
- Personar som treng hjelp til å planlegga nye situasjonar i livet som til dømes;
- overgang frå barnehage til skule
- overgang mellom ulike skular
- overgang frå skule til arbeidsliv
- ny bu-situasjon
- Personar som deltek i kvalifiseringsprogram i regi av Nav-kontor
- Barn og ungdom som har langvarige og samansette behov og treng bistand frå fleire tenester har rett il å få oppnemnd ein personleg koordinator og utarbeida ein individuell plan jfr.lov og forskrift. Koordinatoren skal bidra til at barnet/ungdommen sine ynskjer og behov vert ivareteke og medverke ti eit målretta og samordna tenestetilbod.
Brosjyrar, dokument, kart og liknande
Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenestenBehov for samordning av tenester - informasjon frå Vik kommune
Individuell plan - veileder rehabilitering, habilitering ind plan og koordinator
Individuell plan-veileder barn og unge med habiliteringsbehov IS-2396
Hjelpetilbud i kommunen
Samhandling mellom helse- og omsorgstjenesten i kommunene og tros- og livssynssamfunn
helsenorge.no - individuell plan
Lover
BarnevernlovenHelse- og omsorgstjenesteloven
Integreringsloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Psykisk helsevernloven
Sosialtjenesteloven
Spesialisthelsetjenesteloven
Forskrifter
Forskrift om habilitering og rehabiliteringForskrift om individuell plan i NAV
Retningslinjer
Rett til egen tros- og livssynsutøvelse___
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du, dine pårørande, eller tenesteapparatet, kan ta initiativ til at du får oppnemnt ein personleg koordinator og eventuelt får utarbeidd ein individuell plan. Ansvaret for utarbeiding av den individuelle planen ligg i tenesteapparatet. Skjema for melding om behov for samordning, personleg koordinator og individuell plan finn du i punktet under.
Skjema
Melding om behov for samordningSøknaden sendes til
Melding om behov for samordning sender du til:
Koordinerande eining
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Sakshandsamingstid
Koordinerande eining skal handsama meldinga så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det.
Høve til å klaga
Høvet til å klage er heimla i den einskilde lova (sjå avsnitt om lover og retningsliner).
Dersom du ikkje får innvilga personleg koordinator eller individuell plan av Koordinerande eining, kan du senda klage til Omsorgssjef i Vik kommune. Dersom nytt avslag, kan du senda klage til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane eller til Helsetilsynet. Fylkesmannen er klageinstans etter lov om sosiale tenester i Nav, og Helsetilsynet i fylket er klageinstans etter helselovene.
Det er retten til individuell plan du kan klage på. Dersom ein individuell plan ikkje fyller krav til innehald (sjå forskrifta), kan du òg klage på det. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har handsama saka.
___Kontaktinformasjon
Kontaktpersoner
- Navn:
- Inger LiseFjærestad
- Tittel:
- Leiande helsesyster
- Telefon:
- 57 69 87 11
- Mobil:
- 414 68 507
- Epost:
- inger.lise.fjerestad@vik.kommune.no
Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2020-03-02 08:27