Hove og Ennefjellet

Informasjon om kurs og skogsamling våren 2016

3. og 4. mars arrangerer me samling og kurs innan skogbruk.

Kurs: Hogst med motorsag, 3. og 4. mars, totalt 15 timar
Kurset tilfredstiller kravet til dokumentert opplæring. Kursstart begge dagar kl 9.
Minimumsalder er 15 år. Instruktør: Arnt Laukeland. Maksimalt 7 deltakar.
Pris: 800 kr per person. Frå kursinnhaldet:

  • Tryggleiksreglar ved arbeid med motorkjedesag
  • Riktig og sikre felle- og kvisteteknikkar
  • Bruk av arbeidsbenker
  • Tryggleik rundt eit hogstopplegg, tilrettelagt for uttransport
  • Nedtaking av fastfelte tre og sikker bruk av
  • hjelpeutstyr
  • Kapping av stammer i spenn
  • Riktig verneutstyr, bruk og vedlikehald

Arrangør: Vik skogeigarlag, skogbrukets kursinstitutt og Vik kommune.

Meir informasjon og påmelding til Karen Weichert:

Telefon: 905 34 102
E-post: karen.weichert@vik.kommune.no

 

Skogsamling 3. mars kl 17-19 på kommunehuset
Ei uformell samling der skogeigarar kan komme med spørsmål om skogbruk generelt og spesielt om planlegging av hogst, maskinelt og taubane. Representantar frå kommunen, Vestskog og entreprenørar (maskinell drift og taubane) vil vere til stades. Har du hogstmoden furuskog? Då er det eit godt tidspunkt å byrja å planleggje no.

 

Kurs: Smart bruk av skogfond, 3. mars kl 19-22 på kommunehuset
Skogfond er eit svært gunstig virkemiddel. Når skogfondsmidlane brukast riktig aukar nettoinntekten til skogeigar tydeleg. Tilsvarande auker lønsemnda av investeringane. Meir informasjon også på www.skogfond.no . Maksimalt 10 deltakar. Kurshaldar: Arnt Laukeland. Kurset er gratis. Frå kursinnhaldet:

  • Når skal det innbetalast midlar til skogfond, og når er det friteke?
  • Bruksområde for skogfondet, særleg dei som gjev skattefordel
  • Utrekning av skogfondsats
  • "Skogfondspelet" som viser pengeflyten når skogfondet brukast, og meirinntekta skogeigaren sitt att med når skogfond utnyttast maksimalt.
  • Lønsemda av å bruke skogfond til investeringane (skogkultur, vegar, planer, miljø, kompetanse mm.)
  • Skogfondskalkulatoren
  • Skogeigedommen sin web-baserte skogfondkonto: Påloggingsprosedyre, oversikter og praktisk bruk

Arrangør: Vik kommune.

Meir informasjon og påmelding til Karen Weichert:

Telefon: 905 34 102
E-post: karen.weichert@vik.kommune.no

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut