Informasjonsmøte høgkapasitet breiband i Fresvik

Vik kommune planlegg å søkja statlege midlar til prosjektet. I samband med søknaden er det viktig å ha eit oversyn over interessentar i Fresvik.

Informasjonsmøte 17.03.15
Informasjonsmøte 17.03.15
Sone-inndeling
Sone-inndeling

I prosjektet "Fiber til bygdene i Vik" har kommunen tidlegare fått statleg støtte til utbygging av Vangsnes og Feios. Status for desse er at Vangsnes skal vera ferdig utbygd innan september 2015, og Feios skal vera ferdig seinast i oktober 2016. I høve Kommunestyret si prioritering er Fresvik neste delprosjekt me skal søkja om midlar til. På prioriteringslista står Arnafjord for tur etter Fresvik, og me vil i denne søknadsrunden også levera søknad for Arnafjord.

Som eit ledd i det vidare arbeidet er det viktig for Vik kommune å registrera interessa for å knyta seg til høgkapasitet breiband i Fresvik og Arnafjord. I samband med dette inviterer me til informasjonsmøte tysdag 17. mars klokka 1930 på Fresvik skule.

For å få statlege midlar, og dermed høve til å realisera delprosjektet i Fresvik, er det viktig at flest mogeleg fresvikjer melder si interesse til kommunen. Dugnadsinnsats og vilje til forhøga etableringskostnad for kvar einskild, vil vera med på å auka sjansane for å nå gjennom i konkurransen om dei statlege tilskota.  Bruk fortrinnsvis skjemaet nedanfor for å melda di interesse. Det er også høve til å melda interesse ved å senda e-post til postmottak@vik.kommune.no, eller ta kontakt med prosjektleiar Geir Svendsen på telefon 918 49 773.

Meld di interesse her:





Sone i dekningskart*


Etableringskostnad*
Vanleg etableringskostnad for høgkapasitet breiband er omlag 5.000,- for kvar eigedom. Kor mykje ekstra kan du tenkja deg å betala i etableringkostnad for å auka sjansen for å få tilgang til dette tilbodet? Dersom dette skal få effekt for tilskots-søknaden, må du skriva under forpliktande interessent-lister som vil bli lagt ut på skulen og på kommunehuset i Vik i samband med informasjonsmøtet. Søknadsfristen til kommunen er 3. mai, og listene blir samla inn 29. april.
Dugnadsinnsats kan vera til dømes graving av grøfter for trekkjerøyr på eigen eigedom eller graving av trekkjerøyr mellom eigedommar. Her kan du skildra kva du kan tenkja deg å bidra med av dugnadsinnsats for å auka sjansen for realisering av prosjektet. Oppgi totalt tal dugnadstimar du kan tenkja deg å bidra med fordelt over ein periode på 6 månader (april - september)

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut