Varsling_24_logo

Innbyggjarvarsling

Vik kommune har teke i bruk varslingssystemet Varsling24 for å varsle innbyggjarane med SMS til mobiltelefon og talemelding til fasttelefon ved viktige hendingar. Les korleis du sikrar at du mottek viktige meldingar som gjeld deg.

Systemet vert nytta til å varsle om driftsavvik som til dømes stenging av kommunale veger, kokepåbod for drikkevatn, brot på vassleidningar og andre tilhøve og hendingar som krev rask informasjon til innbyggjarane.

Kven blir varsla?

Varsling 24 hentar adresse-informasjon frå martrikkelen, folkeregisteret, telefonregistre og kontakt- og reservasjonsregisteret (forvalta av Difi). Desse blir varsla:

  • Innbyggjarane i område, inkludert leigebuarar 
  • Eigarar av fritidsbustadar
  • Verksemder i området

Kva må du sjølv gjere for å sikre at du mottek viktige meldingar frå kommunen?

  • Dersom du aldri har logga deg på ei offentleg teneste på nett, kan det vere at du ikkje er registrert i kontakt og reservasjonsregisteret med rett telefonnummer, og dermed ikkje mottek meldingane. Du kan registrere eller endre din kontaktinformasjon på Norge.no (Krev innlogging med BankID, MinId Commfides eller Buypass).
  • Dersom du har reservert deg mot varsling i kontakt- og reservasjonsregisteret, vil du ikkje bli varsla. For å få meldingane frå kommunen, må du fjerne reservasjonen.
  • Du blir ikkje automatisk varsla på til dømes jobb-adressa di. For å få varsling på andre adresser enn der du bur, må du registrere dei adressene du vil ha varsling for i tilleggsregisteret til Varsling 24. Dette kan du gjere på nettstaden varslemeg.no

Lenkesamling:

 

Tips ein ven  Skriv ut