nattugle

Innføring av nattugler i Vik sentrum 2016

Vik kommune hadde i mange år ei ordning med nattugler i Vik sentrum. Ordninga vart då administrert av Vik kommune, medan det var foreldre/føresette og andre friviljuge som var nattugler. Av ulike årsaker vart ordninga lagt ned.

Rådmann har fått tilbakemeldingar på at ein burde prøvd å fått til ei slik ordning att i Vik sentrum. Me ser føre oss at det kanskje er mest målretta å ha nattugler knytt til einskilde arrangement.

Om ein får til dette, er det meininga at ein går saman i arbeidslag på  2 - 3 stk samstundes. Vik kommune syter for å administrera ordninga, vaktlister, teiepliktskjema, vestar, mat m.m. I tillegg syter me for lokale/base for nattuglene.

Dei av dykk som ynskjer å stilla som nattugle tek kontakt med underteikna på e-post: britt.marit.stadheim@vik.kommune.no, eller direkte på telefon. 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut