Dokument

Inngåande dokument på postlista

Frå 15. april 2016 finn du også inngåande dokument til kommunen på postlista.

Før 15. april var det berre utgåande dokument frå kommunen som var å finna publisert i postlista, men no gjer me også inngåande dokument tilgjengelege. Me understrekar at det berre er dokument som ikkje er underlagt teieplikt som blir publisert. Dette betyr til dømes at korrespondanse som inneheld personopplysningar ikkje blir å finna i postlista.

Dersom du er interessert i tilgang til eit dokument, og ikkje finn det publisert i postlista, kan du framleis senda oss ein førespurnad om innsyn på dette skjemaet. Me vil i slike tilfelle vurdera innsynskravet i høve reglane om meirinnsyn i offentleglova §§ 11 og 12.

Politiske saksdokument blir publisert i møtekalenderen som du fin her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut