Alle prisvinnarane

Juleavslutning med tradisjonell heider og ære

Etter å ha vedteke mellom anna budsjett og økonomiplan, vart kommunestyret sitt julemøte torsdag 17.12. avslutta på tradisjonelt vis. Det vanka utdeling av kommunale prisar og heider til tilsette med lang og tru teneste for kommunen.

Bjarne Bjørkevoll får kulturprisen
Bjarne Bjørkevoll får kulturprisen
Grunngjeving for kulturprisen
Grunngjeving for kulturprisen
Liv Berit og Gunnar Høgberg får byggeskikkprisen
Liv Berit og Gunnar Høgberg får byggeskikkprisen
Grunngjeving byggeskikk-prisen
Grunngjeving byggeskikkprisen
Bystøl AS vart tildelt næringsprisen
Bystøl AS vart tildelt næringsprisen
Grunngjeving for næringsprisen
Grunngjeving for næringsprisen
Heidra for 25 aars teneste for kommunen
Lang rekkje tilsette heidra for 25 års teneste for kommunen
Heidra for 30 års teneste for kommunen
30 år!
Alle prisvinnarane
Alle prisvinnarane
Avtroppande kommunestyre representantar
Avtroppande kommunestyre representantar
Olav Arnar Bø
Olav Arnar Bø serverte lokal julemat
Budsjett-debatten
Budsjett-debatten
  • Kulturprisen vart tildelt Bjarne Bjørkevoll
  • Byggeskikkprisen vart tildelt Liv Berit og Gunnar Høgberg
  • Næringsprisen vart tildelt Bystøl AS ved Agnar Fosse og Jens A. Melheim

Me gratulerer alle prisvinnarane og tilsette med høvesvis 25 og 30 års teneste for kommunen, og siterer ordførar Olav Turvoll: "Me vonar det blir minst like mange år til!"

Du kan klikka på bileta for å sjå større versjon, samt bla fram og attende!

Desse vart heidra for 25 års teneste for Vik kommune

  • Ruth Larsen
  • May Britt Rinde Fosse
  • Bjørg Seim
  • Birgit Voll
  • Anne Marie Bø
  • Gerd Torget Alme Nesse
  • Ingunn Aafedt Liljedahl
  • Britt Eli Vassli

Desse vart heidra for 30 års teneste for Vik kommune

  • Ingunn Berit Fjærestad
  • Haldis Kløve Dregelid
  • Aslaug Bøtun
  • Bente Helgås
  • Anne Marie Bø
  • Jofrid Ulvestad
  • Marit Helene Christensen
  • Oddny Aase Borlaug
  • Berit Berglund
  • Jofrid Tennefoss Helleland
  • Oddvin Johan Rinde
  • Jon Berge Sunde
  • Karin Heimdal
  • Torunn Endestad

Grunngjeving for tildeling av kulturprisen 2015

Bjarne Bjørkevoll
VERT TILDELT VIK KOMMUNE SIN
KULTURPRIS FOR 2015

Bjarne får prisen for sin langvarige og mangfaldige innsats for kultur- og samfunnslivet i Vik kommune, med særskilt fokus på Fresvik. 

Både gjennom sitt virke som rektor ved Fresvik skule, og på frivillig dugnadsbasis har Bjarne ytt og yter aktiv kulturinnsats langt utover det vanlege. Innsatsen hans har styrka og utvikla kulturlivet i Fresvik. I kontakten med dei unge har han bidrege til kulturforståinga og identitetsutviklinga deira.

Bjarne var m.a. ein av initiativtakarane til Fresvik skulekorps, og var dirigent i 24 år. I Fresvik sogelag har Bjarne som mangeårig leiar på ein framifrå måte vidareført arbeid som eldsjeler før han har sett i gang. Bjarne sitt sogelagsarbeid når nok sitt høgdepunkt med revidert ættesoge som kjem ut til jul i år.

Bjarne har også vist evne til å ta i bruk nye formidlingskanalar. Facebooksida som han har oppretta har 500 følgjarar, og gjennom digitalisering og utlegging av meir enn 1500 gamle bilete har han kveikt interessa for sosiale media også hjå godt vaksne folk.

Bjarne sin innsats for samfunnslivet generelt og kulturlivet spesielt gjer han til ein særs verdig vinnar av Vik kommune sin kulturpris for 2015. 

 

Grunngjeving for tildeling av byggeskikkprisen 2015

Liv Berit og Gunnar Høgberg
VERT TILDELT VIK KOMMUNE SIN
BYGGESKIKKPRISEN FOR 2015

Liv Berit og Gunnar Høgberg vert tildelt Vik kommune sin byggeskikkpris for huset og tilhøyrande bygningar dei har bygd på garden Grønli i Fresvik.

Dei har lafta og sett opp eit flott tun samansett av bustadhus, røykehus og stabbur. I røykehuset og stabburet vert gamle tradisjonar haldne i hevd, og det er etablert gardsmuseum. Brønn og slipestein gjer inntrykket komplett.

Laftearbeidet er av høg kvalitet, og dokumenterer at gamal byggeskikk er teken vare på. På ein imponerande måte framstår bygningane som ein flott heilskap der gamle tradisjonar er haldne i hevd, kombinert med god funksjonalitet og livsløpsstandard. 

 

Grunngjeving for tildeling av næringsprisen 2015

Bystøl AS
VERT TILDELT VIK KOMMUNE SIN
NÆRINGSPRIS FOR 2015

Bystøl AS er eit selskap med rådgjevande ingeniørar som driv innan bygg- og anleggsteknikk. Bystøl AS er uavhengig og eigd av dei tilsette. I dei seinare åra har detaljprosjektering av småkraftverk og idrettsanlegg vore viktige arbeidsområde, og selskapet har utført byggjeleiing og uavhengig kontroll i samband med store rehabiliteringsprosjekt innan vasskraft.

Bystøl AS etablerte seg i Vik i 1986 som avdelingskontor av selskapet Bystøl og Jørgensen AS. Bystøl AS har seinare utvikla seg svært positivt. Selskapet endra namn til Bystøl AS i 1993. Agnar Fosse tok over som dagleg leiar i selskapet i 2004. Selskapet har levert positive driftsresultat kvart år, og har auka til 15 tilsette – 12 i Vik og 3 på Voss. Bystøl AS vart i 2008-2009 plassert på Dagens Næringsliv si liste over Gaselle-verksemder. Jens A. Melheim er no dagleg leiar.

Bystøl AS har utvikla seg til å bli ein stor og viktig arbeidsplass i Vik kommune. Selskapet er også ein viktig samarbeidspartnar for andre verksemder som arbeider innan byggjebransjen. Bystøl AS bidreg til viktige kompetansearbeidsplassar, som har gjort det mogeleg for våre eigne ungdomar å finna interessante jobbar i heimkommunen. Selskapet dokumenterer også at det er mogeleg å rekruttera høgt utdanna folk til ein distriktskommune.

Bystøl AS er eigd av dei tilsette, og dei har i fellesskap utvikla selskapet med beina solid planta i lokalmiljøet. Selskapet profilerer vikjasamfunnet på ein framifrå måte, og er eit nytt eksempel på kva framtidstru og hardt arbeid kan gi av resultat. 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut