Badestrand

Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde i Vik kommune

Formannskapet i Vik kommune vedtok i desember 2016 oppstart av eit prosjekt for å kartlegge og verdsette områder for friluftsliv i kommunen, og arbeidet er starta opp.

Friluftslivsområdekartlegginga er eit nasjonalt tiltak forankra i Nasjonal strategi for aktivt friluftsliv og Folkehelselova. Det er eit verkemiddel for å identifisere areal i kommunen som blir brukt til friluftsliv. Dette bidreg til å auke kunnskapsgrunnlaget for å kunne ivareta god arealplanlegging i kommunane.

Arbeidet i den einskilde kommune skal følgje metoden skissert i i Miljødirektoratet si rettleiar M98-2013. Ei fleirfagleg arbeidsgruppe i kommunen skal kartlegge, kategorisere og verdsetje alle viktige friluftsområda i kommunen. Resultata blir publiserte i Naturbasen. Dette er ei rein temakartlegging dvs. resultata er ikkje juridisk bindande. Døme på type friluftsområde er leike- og rekreasjonsområde, grønkorridorar, nærturterreng og utfartsområde.

Det er eit mål at alle kommunar skal ha gjennomført kartlegging av friluftsområda innan 2018. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har leigd inn FNF – «Forum for natur og friluftsliv» som prosjektkoordinator i fylket. Dei skal informere og følgje opp kommunane undervegs i prosjektet.

I Vik kommune er det sett ned ei arbeidsgruppe frå administrasjonen: Britt-Marit Stadheim, Turid Kristine Brekke og Karen Weichert. Arbeidsgruppa kjem til å ta kontakt med andre aktuelle personar og organisasjonar som referansegruppe. Alle innbyggarar er velkomne til å komme med innspel til arbeidet.

Ta gjerne kontakt med arbeidsgruppa v/Karen Weichert (e-post: karen.weichert@vik.kommune.no) om du har innspel eller spørsmål.

Lenkjer:

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut