Fjell foto

Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde i Vik kommune

Formannskapet i Vik kommune vedtok i desember 2016 oppstart av eit prosjekt for å kartlegge og verdsette områder for friluftsliv i kommunen. Kartlegginga og verdivurderinga er no avslutta, og blir lagt ut for ei enkel høyring. Alle innbyggarar er velkomne til å komme med innspel. Utvalde lag og organisasjonar vil få eige brev.

Friluftslivsområdekartlegginga er eit nasjonalt tiltak forankra i Nasjonal strategi for aktivt friluftsliv og Folkehelselova. Det er eit verkemiddel for å identifisere areal i kommunen som blir brukt til friluftsliv. Dette bidreg til å auke kunnskapsgrunnlaget for å kunne ivareta god arealplanlegging i kommunane. Det er eit mål at alle kommunar skal ha gjennomført kartlegging av friluftsområda innan 2018.

Arbeidet i Vik kommune har fylgt metoden skissert i i Miljødirektoratet si rettleiar M98-2013. Ei fleirfagleg arbeidsgruppe frå administrasjonen har ved hjelp av skulane og barnehagane og andre ressurspersonar i kommunen kartlagt, kategorisert og verdsett viktige friluftsområda i kommunen. Resultata skal publiserast i Naturbasen. Dette er ei rein temakartlegging dvs. resultata er ikkje juridisk bindande. Døme på type friluftsområde er leike- og rekreasjonsområde, grønkorridorar, nærturterreng og utfartsområde.

Høyringsdokument:

Ta gjerne kontakt med arbeidsgruppa v/Turid Brekke Turid.Kristine.Brekke@vik.kommune.no om du har spørsmål.

Lenker til meir informasjon:

Høyringsfrist er 25.11.2018. Bruk skjema nedst i denne artikkelen til å senda inn høyringssvar, eller send epost til postmottak@vik.kommune.no

De er og høve å senda brev til: Vik kommune, Postboks 134, 6891 Vik i Sogn

Kartutsnitt

 

 






Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut