Nyhende

Kloring av vatn frå Vik vassverk
Publisert: 11. 01. 2021
av Geir Svendsen
I samband med skifting av UV-filter i Refsdal, vert det naudsynt med kloring av vatnet frå Vik vassverk i ein periode.
Vik kommune har starta arbeidet med å skifte ut UV anlegget ved Vik vassverk i Refsdal. Dette for å sikre at vasskvaliteten tilfredsstiller krava frå mellom anna Mattilsynet. For å sikre at vi kan levere sikkert vatn i perioden arbeidet pågår, må vi nytte oss av klor. Dette kan føre til noko smak og lukt av vatnet. Kloringa vil vare til nytt UV filter er ferdig montert og i drift.
Vi reknar med at arbeidet vil vare i om lag 2 veker.