Kommunalt lån (sosiallån)

Generelt

Alternativt navn

Sosialhjelpslån

Tenesteomtale

Som ei form for økonomisk stønad kan sosialtenesta gje lån. Lånet kan du berre få dersom du på søknadstidspunktet har midlar, eller har ei rett til midlar, som faktisk ikkje er tilgjengeleg. Det kan til dømes vere at du er i ferd med å selje bilen, leilegheita eller ventar på lønnsutbetaling eller dagpengar.

Målgruppe

Dei som mellombels er ute av stand til å betale for livsopphald, for eksempel mat, klede, husleige, straum osv., eller som treng økonomisk hjelp i ein vanskeleg situasjon.

Kriterium/vilkår

Grunnvilkåret for å få kommunalt lån er det samme som for økonomisk stønad elles. Lån kan gjevast til den som ikkje kan sørgje for livsopphaldet sitt sjølv eller som treng lån for å tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon. I tillegg skal det vere sannsynleg at søkjaren vil vere i stand til å betale tilbake lånet.

aaa

Kommunen vel sjølv om økonomisk stønad skal gjevast som lån. Sjå spesielt sosialtenestelova §§ 18, 19, 21 og kapittel 2.

Lover

Forvaltningsloven
Sosialtjenesteloven
___

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Ta kontakt med Nav for å få hjelp til å søkje om lånet.

Kontakt NAV Vik.

Søknaden sendes til

Nav Vik, postboks 93, 6891 Vik i Sogn.

 

Sakshandsaming

Kommunen (Nav) vil vurdere den økonomiske situasjonen din og kan foreslå fleire løysingar. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått lånet eller ikkje og kva for vilkår som skal gjelde.

Sakshandsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan bli gjort vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til å klaga

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2016-01-05 13:50

Sjølvbetening

Tenesteomtalar