Villrein Vikafjellet juni 2015

Kommunedelplan for Fjellheimen villreinområde vedteken i 6 kommunar

Kommunane Vik, Voss Aurland, Høyanger, Vaksdal og Modalen har vedteke felles «Interkommunal kommunedelplan for Fjellheimen villreinområde». 

Planen omfattar areal over kote 700  mellom Sognefjorden i nord, Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden i aust, E16 i sør, samt Osterfjorden, E39 og Stordalen i vest. Føremålet er å sikra leveområdet og levevilkåra for villreinen på kort og lang sikt  gjennom samordna og heilskapleg forvaltning. Kommunedelplanen er eit overordna planverktøy og skal vera styrande for arealbruken.

Du kan henta plandokumenta i PDF-format her:

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut