Bileta frå Vikja

Kommunedelplan for vassforsyning, avlaup og vassmiljø - offentleg høyring

Utsett høyringsfrist og informasjonsmøte

Kommunedelplanen for vassforsyning, avlaup, og vassmiljø har forlenga høyringsfrist til 7. juli  2021. Det vert arrangert informasjonsmøte om planen på Blix hotell torsdag 24. juni kl 19.00

 

Formannskapet vedtok 28.01.2021, saksnr 005/21, å leggja kommundelplan for vassforsyning, avlaup og vassmiljø ut til offentleg høyring i samsvar med Pbl § 11-14. Planen er ein tematisk kommunedelplan etter Pbl §11-1. 

Kommunedelplanen viser rammevilkår, målsettingar og tilstand av vassførekomstar og anlegg i kommunen. Handlingsplanen viser korleis og når tiltak skal realiserast. Planen viser også konsekvensar for VA-gebyret.  

Kommunedelplan for vassforsyning, avlaup og vassmiljø er delt inn i to deler: 

  • Del 1: Hovudplan for vassforsyning
  • Del 2: Hovudplan avlaup og vassmiljø
 

Høyringsdokumenta finn du her:

 

Høyringsdokumenta er også skrive ut i papirformat og ligg tilgjengeleg på kommunehuset i Vik.

Merknader til høyring kan sendast til Vik kommune, postboks 134, 6891 Vik i Sogn, eller som e-post til postmottak@vik.kommune.no innan 07.07.21.

Tips ein ven  Skriv ut