Kommuneplan for Vik kommune 2013-24. Kunngjering om planvedtak for arealdelen

Kommunestyret vedtok revidert arealdel av kommuneplan for Vik kommune i møte 26.6.2014, sak 030/14.

Vedtaket omfattar alt areal i kommunen med unnatak av to mindre område i Feios: G17 og G18.
Endeleg planvedtak for desse områda vert gjort etter eiga høyring.
 

Kommunestyret sitt planvedtak kan ikkje påklagast.

Oppretta plandokument i samsvar med vedtak i sak 30/14 vert saman med andre relevante dokument i saka utlagt innan 01.09.2014.

Høyringsinstansar og alle som har sendt merknad til planforslaget vert informerte med brev.

​Vik kommune takkar for innspel og engasjement frå innbyggjarar og høyringsinstansar.

Kunngjering av planvedtak av arealdelen - kommuneplanen
Møtebok ks sak 030/14
Saksutgreiing

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut