Valurne

Kommunereforma – førehandsrøysting også laurdag 21. mai

Kommunestyret i Vik vedtok 10.3.16 folkerøysting for å høyra innbyggjarane si meining i spørsmålet om kommunesamanslåing. Datoen for folkerøystinga er sett til 23. mai 2016.

Røysterett

Kommunestyret har vedteke at også 16- og 17-åringar skal ha røysterett ved folkerøystinga. Dette betyr at alle som er født i år 2000 eller tidlegare, og som er manntalsført i kommunen, har røysterett.

 

Manntal

Manntalet for Vik kommune er lagt ut til offentleg ettersyn i tida frå og med 8. april og fram til valdagen 23. mai 2016. Manntalet vert lagt ut på tenestetorget i kommunehuset.  

Namnet ditt må stå i manntalet dersom du skal kunna røysta ved folkerøystinga 23.5.2016. Kommunestyret har vedteke at alle som er født i år 2000 eller tidlegare skal ha røysterett ved folkerøystinga. Alle personar med røysterett er automatisk innført i manntalet. Manntalet er laga på bakgrunn av dei opplysningane som var i folkeregisteret 1.3.2016.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klaga til valstyret. Klaga skal vera skriftleg og skal grunngjevast.

Adressa til valstyret er:

Valstyret i Vik
Postboks 134 
6891 Vik i Sogn

 

Røystealternativ

Du har tre alternativ å velja mellom. Kvart alternativ har eigen røystesetel, og du vel setelen for det alternativet du vil røysta på. Dei 3 alternativa er.

  • Ja. Vik kommune slår seg saman med kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal
  • Ja. Vik kommune slår seg saman med kommunane Aurland og Voss
  • Nei Vik kommune slår seg ikkje saman med ein eller fleire kommunar

Det vert laga informasjonsfaldarar for dei ulike alternativa. Desse vil bli distribuert til alle husstandar i kommunen i siste halvdel av april. Faldarane vil også bli lagt ut i røystelokala.

 

Førehandsrøysting

Røystelokale for førehandsrøystinga er kommunehuset. Dersom du ikkje kan røysta på valdagen, kan du førehandsrøysta. Dette kan du gjera på kommunehuset i opningstida, kl 08:00 - 15:00, fram til og med fredag 20.5.16.  I tillegg held me kommunehuset ope for førehandsrøysting laudag 21.5.16, kl 12:00-14:00. Hugs å ta med deg legitimasjon når du skal røysta.

 

Ambulerande røysting

Dei som er ufør, eller på grunn av sjukdom ikkje kan røysta der det vert halde førehandsrøysting, kan etter søknad få førehandsrøysta der dei oppheld seg. Dette vert kalla ambulerande røysting. Søknadsfristen er ca ei veke før valdagen. Valdagen er 23.05.16. Søknad kan sendast sekretariat for valstyret:

Valstyret
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Du kan også senda e-post til postmottak@vik.kommune.no, eller ta kontakt på telefon 57 69 82 00

 

Røysting på institusjon

Me vil arrangera førehandsrøysting fredag 13. mai på Fresvik bygdeheim og Vik bygde- og sjukeheim. 

 

Røysting på valdagen, måndag 23. mai 2016

Røystinga på valdagen vil føregå i alle 5 kretsane i kommunen. Opningstidene er:

Vallokale og opningstider 23. mai 2016
Røystelokale Opningstid
Fresvik ungdomshus KL 13:00-19:00
Feios skule KL 13:00-19:00
Vangsnes skule KL 13:00-19:00
Kommunehuset i Vik KL 09:00-20:00
Valsvik skule KL 13:00-19:00

 

 

 

 

 

 

Hugs å ta med legitimasjon!

 

Meir informasjon

Du kan lesa meir informasjon om kommunereforma på samlesida vår her.

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut