Sognefjorden

Kommunereforma - informasjonsplan

Vik kommune har inngått to intensjonsavtalar for framtidig kommunestruktur:

  • Voss kommune i lag med kommunane Voss og Aurland.
  • Sogn kommune i lag med kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand.

Det skal haldast folkerøysting måndag 23. mai der innbyggjarane skal få seia si meining om kva alternativ som er best, evt. om det å halda fram som eigen kommune er det beste.

For at innbyggjarane skal ha best mogeleg grunnlag for å velja alternativ ved avrøystinga, er det planlagt fleire informasjonstiltak i tida framover. Dei ulike tiltaka er omtala nedanfor.

 

Informasjonsfaldar

Det vert laga informasjonsfaldarar, eitt for kvar av dei to alternativa.

Faldarane skal kort informera om:

  • Kommunereforma
  • Grunngjeving for å slå seg saman
  • Kva ein ynskjer  å oppnå med den nye kommunen, ( jfr. intensjonsavtalen)
  • Kvar ein kan få meir informasjon.
  • Tidspunkt og gjennomføring av folkerøystinga. Det er viktig å få fram at dette er ei rådgjevande folkerøysting og at kommunestyra nyttar denne som ein del av sitt avgjerdsgrunnlag.

Faldarane vil bli distribuerte til alle husstandane i kommunen i siste halvdel av april. Faldarane vert også lagt ut på kommunen sine heimesider. 

 

Kommunen sine heimesider

kommunen si heimeside finn du ei samleside der det er lagt ut relevant informasjon om reforma, og også lenker til andre aktuelle nettstadar. Av aktuell informasjon kan nemnast:

  • Telemarksforskning sine rapportar og presentasjonar
  • Intensjonsavtalane
  • Politiske vedtak.
  • Tidspunkt for informasjonsmøte
  • Tidspunkt for folkerøysting
  • Tidspunkt for handsaming i formannskap og kommunestyre. 

 

Spørsmål og svar

Det vil bli laga ei  liste med spørsmål og svar som skal leggjast ut på heimesida og også nyttast  i møte med innbyggjarane og i folkemøte.

 

Felles lysarkserie

Det vil bli laga ein felles lysarkserie med utgangspunkt i presentasjonen av rapportane frå Telemarksforsking.

 

Informasjons-/folkemøte

Folkemøte vert halde i Blixhalli 11. mai kl. 19.00.

 

Fokusgrupper

Det er planlagt særmøte med ungdomsrådet og med næringssamskipnaden. Tidspunkt for desse møta kjem me attende til.

 

Oddbjørn Ese
-rådmann-

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut