Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
valglogo_gull_nynorsk

Kommunestyre- og Fylkestingsval 2019 - frist for levering av listeforslag

Vik kommune minner alle politiske parti på at fristen for levering av listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 er 1. april 2019 kl 12.00. Listene må vera kome fram til kommunen innan fristen, og dette ansvaret ligg hjå dei politiske partia sjølve, jamfør vallova § 6-1 (1).

Me ønskjer at partia nyttar malane til Valgdirektoratet for utarbeiding av listeforslag, malane finn de på nettsida til Valgdirektoratet. På nettsidene til Valgdirektoratet er også dei formelle krava til listeforslaga lista opp, og for å gjera behandlinga av listeforslaga mest mogeleg effektivt, er det svært viktig at alle partia følgjer krava.

Lenkjer:

Tips ein ven  Skriv ut