valglogo_gull_nynorsk

Kommunestyre- og Fylkestingsval 2019 - kunngjering av lokale fristar

Valstyret i Vik vedtok i møte 21.3.19 lokale fristar i samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. Fristane kan du finne nedanfor.

Fritak for å stå på valliste​
Reglane for fritak for å stå på valliste er gitt i vallova §3-4. Den som er ført opp på ei valliste har rett til skriftleg å erklære at ho/han ikkje ønskjer å stå på ei valliste. Erklæringa må fremjast innan fristen valstyret set.

Vedtak i valstyret: Frist for å søkje fritak frå val og stå på listeforslag vert sett til 23.4.2019.

Frist for partia til å tinge røystesetlar
I høve valforskrifta §21, kan den tillitsvalte for den enkelte valliste for eiga rekning krevje det tal røystesetlar vedommande ønskjer.

Vedtak i valstyret: Frist for tillitsvalte for listeforslaga til å tinge røystesetlar for eiga rekning vert sett til 10.6.2019.

Frist for partia til å tinge manntal
Valforskrifta §3 seier at alle som stiller liste ved valet har rett til eitt papireksemplar av manntalet. Forslagsstillarane kan få tilgang til fleire eksemplar av ulike manntalsrapportar dersom dei sjølve dekkar kostnadane rundt dette.

Vedtak i valstyret: Frist for tillitsvalte for listeforslaga til å tinge kopi av manntalet vert sett til 10.8.2019.

Klagefrist for godkjente/forkasta listeforslag
Vallova § 6-8 sler fast at klagefristen er sju dagar etter kunngjering av dei godkjente vallistene.

Vedtak i valstyret: Klagefrist på godkjente/forkasta listeforslag vert sett til 24.5.2019.

Frist for å søkje om å avgi stemme der ein oppheld seg
Reglane står i vallova §8-3 (6). Veljarar som oppheld seg innanriks, kan på grunn av sjukdom eller uføre søkje om å få avgi stemme der dei oppheld seg. Fristen skal setjast til mellom tysdag og fredag siste veka før valdagen.

Vedtak i valstyret: Søknadsfristen for å kunne avgi stemme der ein oppheld seg vert sett til 5.9.2019.

Frist for ikkje å ta i mot valet
Vallova §3-4 gir reglar for rett til å krevje fritak frå kommunestyreval. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i valhåndboka for 2019 presisert slik:

I denne sammenhengen vil departementet presisere følgende: Den som har en fritaksgrunn, men som unnlater å påberope seg denne retten når vedkommende blir underrettet om at han/hun er listekandidat, kan ikke påberope seg fritaksgrunnen etter å ha blitt valgt. Vi viser til valgloven § 3-4 (2). Fritak fra valget kan likevel være aktuelt i følgende tilfeller:

  • Fritaksgrunnen har oppstått etter at fristen for å kreve fritak har utløpt. Dette kan for eksempel være tilfelle dersom vedkommende er blitt rammet av alvorlig sykdom.
  • Vedkommende er ikke blitt gjort kjent med fritaksgrunnene og retten til å kreve seg strøket fra listeforslaget, og dette skyldes feil/forsømmelse fra valgmyndighetenes side.

Vedtak i Valstyret: Fristen for å ikkje motta valet vert sett til 24.9.2019.

Klagefrist for valoppgjeret
Vallova §13-2 sler fast at klage over valoppgjeret må setjast fram innan sju dagar etter at kommunestyret har godkjent det.

Vedtak i valstyret: Fristen for å klage over valoppgjeret er 7 dagar etter godkjenning av valet i det nye
kommunestyret sitt konstituerande møte.

 

Lenkjer

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut