Vallogo

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 - førehandsrøysting

Tidleg førehandsrøysting tek til måndag 1. juli, medan ordinær førehandsrøysting tek til 12. august.

Tidleg førehandsrøysting
Dersom du ikkje har høve til å røysta innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen, kan du i perioden 1. juli til og med 9. august, kontakta kommunen og avtala tid for å røysta. Du treng ikkje valkortet, men ta med legitimasjon!

Ordinær førehandsrøysting
Den 12. august startar den ordinære førehandsrøystinga, og du kan førehandsrøysta fram til fredag 6. september. I Vik kommune er lokale for førehandsrøysting tenestetorget i kommunehuset. Opningstidene for røystelokala er: 

måndag til fredag: kl 09:00 – 15:00

Ta med valkort og legitimasjon!

Ambulerande røysting
Sjuke og uføre, som ikkje kan røysta der det vert halde førehandsrøysting, kan etter søknad få førehandsrøysta der dei oppheld seg. Søknadsfristen er 5.9.2019. Søknad kan sendast sekretariat for valstyret:

Valstyret
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

E-post: postmottak@vik.kommune.no  

Telefon: 57 69 82 00

Førehandrøysting på institusjonar
Vik kommune vil også halda førehandsrøysting ein dag i august/september på følgjande institusjonar:

  • Vik bygde- og sjukeheim
  • Vik fengsel

Desse dagane vil bli annonsert i god tid lokalt på kvar institusjon.

Valdagen
Valdagen er 9. september. Du kan røysta på førehand i alle kommunar i landet, men på valdagen må du røysta i den kommunen du har registrert bustadadresse den 30. juni. Du kan berre røysta ein gong.

 

Valstyret i Vik

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut