Kommunestyret i julemøte 2016

Kommunestyret inviterte til tradisjonell juleavslutning

Etter å ha debattert utfordrande kommuneøkonomi i fleire timar tysdag, heldt kommunestyret tradisjonell juleavslutning med middag og inviterte gjester. Ordførar Olav Turvoll delte ut kommunale prisar og heidra tilsette med lang og tru teneste for kommunen.

25 aar
25 års teneste
30 år
30 års teneste
Kulturprisen
Kulturprisen
Næringsprisen
Næringsprisen
  • Kulturprisen vart tildelt Vik Songlag v/Inger-Kari Langeteig
  • Næringsprisen vart tildelt Tine Meieriet Vik v/Øydis Kristine Flateby og Per Henning Liljedahl

Me gratulerer alle prisvinnarane og tilsette med høvesvis 25 og 30 års teneste for kommunen.

Du kan klikka på bileta for å sjå større versjon, samt bla fram og attende!

Desse vart heidra for 25 års teneste for kommunen:

  • Aud Hønsi Bøthun
  • Britt Inger Rinde Eikeland
  • Marry Anita Ramfjord
  • Hildegunn Mårstig Tretteteig
  • Gudveig Marie Midlang
  • Sidsel Johanne Solheim Refsdal (ikkje til stades)
  • Britt Marit Stadheim
  • Bente Settevik
  • Liv Riiser Bøtun (ikkje til stades)
  • Sigrun Pedersen (ikkje til stades)

Desse vart heidra for 30 års teneste for kommunen:

  • Anne Mette Valsvik
  • Hilde Brotangen Helleland
  • Astrid Liljedahl Øygarden
  • Lisbet Underdal Holen
  • Osvald Risløw
  • Edvin Rolf Tistel
  • Gerd Marie Bendiksen (ikkje til stades)
  • Gerd Marie Salbu Aase (ikkje til stades)

 

Grunngjeving for tildeling av kulturprisen 2017

Vik songlag har gjennom 150 år vore ei bærande kraft og ei sterk stemme i bygdi sitt kulturliv.

Songlaget har vore vertskap for 8 songarstemne, og har  representert Vik med æra på stemne og store hendingar både i og utanfor heimfylket.

Songlaget har over lang tid  teke ansvar både som arrangør og som programinnslag  på  festdagar og festivalar, og bidrege sterkt til Vik sitt omdøme som kulturbygd.

I seinare tid har songlaget sett opp  krevande  songspel  som t.d  «100 years of Broadway.»

Songlaget gjev  eit forum for dei songglade, og gode opplevingar for dei som berre likar å høyra på.

Bygdi er stor takk skuldig dei som i fortid og notid har stilt opp for songlaget og for lokalsamfunnet.

Måtte Vik Songlag  halda tonen ogso i nye 150 år.

 

Grunngjeving for tildeling av næringsprisen 2017

TINE Meieriet Vik driv produksjon av gamalost og mylsa, og tek kvar sommar mot opp mot 200 tonn bringebær frå dyrkarane i Vik kommune. Anlegget produserer om lag 80 tonn gamalost og 5 tonn mylsa. Det er tilsett 20 ved anlegget. Ostebaren er vorte ein populær møtestad både for dei som bur i Vik, og ein stad der det er litt ekstra stas å ta med besøkande, enten det er i arbeid eller fritid.

Hovudproduktet er framleis gamalosten, ei kjend merkevare frå Vik. Gamalosten har dokumentert god helseeffekt og noko mindre dokumentert prestasjonsfremmande effekt på andre viktige område i livet.…

TINE Meieriet Vik har utan tvil vore ein viktig medspelar og viktig føresetnad for at Vik kommune er desidert største bringebærkommunen i landet, med eit volum som no er meir enn 25 % av samla produksjon i landet.

TINE Meieriet Vik fortener ros for å ha halde stand i kommunen over så mange år der kampen mot sentralisering av anlegga i Tine har vore krevande. Verksemda har satsa medvite og langsiktig på produkt med lokal forankring og med sitt store marknadsapparat gjort produkta og kommunen godt kjent over heile landet. Piano bringebærsaus og Sunniva juice, begge med tydeleg understreking av at råvarene kjem frå Vik i Sogn, er strålande eksempel på dette. Tine sin soliditet og vilje til langsiktig satsing på produktutvikling med utgangspunkt i lokale råvarer har gjort at produsentane på si side også har kunna tenkja langsiktig.

TINE Meieriet Vik har opparbeidd seg eit godt omdømme, er med på å understreka Vik kommune som ein viktig landbrukskommune og er på alle måtar ein verdig vinnar av Vik kommune sin næringspris for 2017.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut