Kommunestyret i julemøte 2016

Kommunestyret inviterte til tradisjonell juleavslutning

Kommunestyret avslutta torsdag 20.12. semesteret på tradisjonelt vis med julemiddag og inviterte gjester. Ordførar Olav Turvoll delte ut kommunale prisar og heidra tilsette med lang og tru teneste for kommunen.

Naeringsprisen18
Næringsprisen 2018
Kulturprisen18
Kulturprisen 2018
25aar
25 års teneste
30aar
30 års teneste
  • Næringsprisen vart tildelt BAG Invest AS v/Bjørg og Aril Grønningen
  • Kulturprisen vart tildelt Kari Wiken Sunde

Me gratulerer alle prisvinnarane og tilsette med høvesvis 25 og 30 års teneste for kommunen.

Du kan klikka på bileta for å sjå større versjon, samt bla fram og attende!

Desse vart heidra for 25 års teneste for kommunen:

  • Kjellaug Rivedal
  • Angunn Systad (ikkje til stades)
  • Hildeborg Margrethe Fridell
  • Gerd Lillesvangstu
  • Vigdis Alise Dvergedal Sætre
  • Ingunn Midlang Stølen (ikkje til stades)

Desse vart heidra for 30 års teneste for kommunen:

  • Arne Inge Sæbø
  • Elfrid Kløve Brekke
  • Kirsten Johanne Bøtun (ikkje til stades)
  • Reidun Aafedt Flatland 
  • Heidrunn Tennefoss Hauglum (ikkje til stades)
  • Tove Elly Helgås
  • Inger Lise Fjærestad
  • Hilde-Gunn Hellen

Grunngjeving for tildeling av næringsprisen 2018

Familien Grønningen har drive næringsutvikling i Vik kommune i over 40 år. I dette arbeidet har BAG Invest AS stått sentralt.

Eigarane har gjennom eigarselskapet BAG Invest AS gitt attende til kommunen gjennom Linn Bad AS, no Norge sin største produsent av baderomsmøblar og ei føregangsverksemd i produktutvikling og automasjon. Bag Invest AS har i lag med Vik Sparebank etablert og drive Vik Utvikling AS og m.a. etablert båthamn i Vik sentrum, ei av svært få skikkelege hamner i Sognefjorden. I 2012 overtok Linn Bad AS aksjemajoriteten i Fresvik Produkt AS og var slik med å trygga framtida for verksemda. I 2017 gjekk BAG Invest AS inn som aksjonær i Almgard Is AS og vart avgjerande i realiseringa av ny iskremfabrikk i Feios.

BAG Invest AS si satsing har gjort at vikjasamfunnet har arbeidsplassar med lokalt eigarskap i store deler av kommunen. Lokale eigarar er ein viktig faktor for å sikra verksemdene våre og trygga arbeidsplassane.

Grunngjeving for tildeling av kulturprisen 2018

Kari Wiken Sunde har i 40 år vore tilsynsførar for middelalderkyrkjene Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje i Vik. Kari har lagt ned mykje arbeid gjennom å administrera vedlikehald, legga til rette for guiding og vore lokal representant når Riksantikvaren og Fortidsminneforeninga har vore på vitjing til kyrkjene. 

Kari har lagt ned særleg stor innsats for middelalderkyrkjene, men også engajsert seg i vernet av andre kulturminne. Gamle Refsdal kraftverk er eit døme på dette. Ho har gjennom mange år vore pådrivar for å få laga ein kopi av Hovemadonnaen. Dette arbeidet er no så godt som fullført, og kopien er snart på plass i Hovekyrkja.

Heile vikjasamfunnet har mykje å takka Kari for som på ein utrøytteleg måte har arbeidd for å ta vare på dei felles kulturskattane våre.

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut