Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
Motesal

Kommunestyret inviterte til tradisjonell juleavslutning

Kommunestyret avslutta torsdag 19.12. semesteret på tradisjonelt vis med julemiddag og inviterte gjester. Gygrene starta møtet med stemningsfull og vakker song.

Naeringsprisen
Næringsprisen 2019
Kulturpris
Kulturprisen 2019
Tilsette
Tilsette med lang og tru teneste
Modig
Idrettslaget Modig har runda 100 år
Gygrene
Gygrene

Ordførar Roy Egil Stadheim delte ut kommunale prisar og heidra tilsette med lang og tru teneste for kommunen. I tillegg vart idrettslaget Modig v/Dag Einar Bøtun heidra for sin innsats for masseidrett og folkehelsa i over 100 år.

​Næringsprisen vart tidelt Rune Målsnes og kulturprisen vart tildelt Arne Inge Sæbø

Me gratulerer alle prisvinnarane og tilsette med høvesvis 25 og 30 års teneste for kommunen.

Du kan klikka på bileta for å sjå større versjon, samt bla fram og attende!

Desse vart heidra for 25 års teneste for kommunen:

  • Inger Marit Hove
  • Oddveig Holstad
  • Knut Iversen
  • Ann Kristin Feidje (ikkje til stades)
  • Britt Iren Hove (ikkje til stades)

 

Desse vart heidra for 30 års teneste for kommunen, og fekk medalje for lang og tru teneste:

  • Leentje Van Der Wal 
  • Eva Renate Tjønn 
  • Ester Systad Hanekam 
  • Ingebjørg Skjerven 
  • Ruth Borlaug Tistel 
  • Marianne Hove Harbakk
  • Britt Karin Lidal Noss 
  • Gunn Nyland Risløw 
  • Vigdis Urnes 
  • Anne Lise Tveit 
  • Inger Palma Refsdal 
  • Åse-Berit Balvoll 
  • Jorunn Orvedal
  • Reidunn Øvstedal Orvedal (ikkje til stades)
  • Jorunn Jordalen (ikkje til stades)
  • Bente Settevik (ikkje til stades)
     

Grunngjeving for tildeling av næringsprisen 2019 til Rune Målsnes

Rune har gjennom mange år drive butikk i Vik og har vore ein pådrivar for dei lokale butikkane sin eksistens. I tillegg spreier han ein optimisme som gjev gjenklang i heile Vik kommune.

Å driva butikk på små plassar er utfordrande i dagens samfunn. Gjennom butikken på Vetløyri har han vore primus motor for å tenkja nytt med å samla fleire verksemder under samme tak og betjening.

Med Rune i spissen har difor Vetløyri senter revitalisert seg i 2019 med ytterlegare tre verksemder og består no av Vik Elektro og Interiør, Folietec, Huseby kjøkken, Hagebutikken, Silvija's Blomster og Voss kommunikasjon.

Med bakgrunn i denne innsatsen meiner vi Rune er ein verdig mottakar av næringsprisen for Vik Kommune.

 

Grunngjeving for tildeling av kulturprisen 2019 Arne Inge Sæbø

Arne Inge Sæbø var i ungdommen ein aktiv friidrettsutøvar i den tida Vik hevda seg  godt på nasjonalt nivå i stafettar. Han har i alle år lagt ned ein stor innsats i idrettslaget, då spesielt i friidrettsgruppa. Elles arbeidar han ved Vik lokalhistoriske arkiv og har vore lokalhistorisk forfattar gjennom mange år. Vidare har han vore medarbeidar og seinare mangeårig redaktør av tidsskriftet "Pridlao", samt ei drivande kraft i arbeidet med dei to festivalane som vert arrangert i Vik kvar sommar, og var og ein av stiftarane av Bringebærfestivalen.

Som pensjonist har han hatt mogelegheit til å arbeida meir på spesifikke område som "Pridlao" og nyskapinga Fredagslunchane på Blix hotell, der han saman med andre har faste foredrag med eit stort tal tilhøyrarar.

Han har gjort mykje for å få ei god ordning med guiding i bygdi og er styremedlem i selskapet Sylvringen som arbeider aktivt med å fremja turismen i kommunen vår. Han er også drivkrafta bak «Sommaravisa» og «Vinteravisa», som er vorte godt motteken i kommunen. Ellers så har han heile tida frå han kom attende til Vik vore samfunnsengasjert og lagt ned eit stort arbeid til beste for kommunen og innbyggjarane våre. Arne Inge er ein ekte Vikjapatriot.

Med bakgrunn i denne innsatsen meiner vi Arne Inge er ein verdig mottakar av kulturprisen for Vik Kommune.

 

 

Tips ein ven  Skriv ut