Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
Vallogo

Komunnestyre- og Fylkestingsvalet 2019 – manntalet

Du må stå i manntalet dersom du skal kunna røysta ved Kommunestyre- og Fylkestingsvalet 2019. Manntalet for Vik kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn i tida frå og med 19. juli og fram til og med valdagen, 9. september 2019. 

Manntalet vert lagt ut på tenestetorget i kommunehuset.

Har du flytta frå ein kommune til ein annan, og meldinga om flytting ikkje er registrert i folkeregisteret innan 30. juni 2019, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta i ein annan kommune.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klaga til valstyret. Klagen skal vera skriftleg og skal grunngjevast.

Adressa til valstyret er:

Valstyret i Vik, Postboks 134, 6891 Vik i Sogn

Valstyret i Vik

Tips ein ven  Skriv ut