Telenor

Kontrakt om utbygging av fiber i Arnafjord

Kommunen har i dag signert kontrakt med Telenor om utbygging av fiberbasert, høgkapasitet breibandstilbod i Arnafjord. 

Arnafjord
Dekningskart

Kommunen har til no motteke 64 intensjonsavtalar frå interessentar i dekningsområdet (sjå vedlagte kartutnsitt over dekningsområdet). Desse kan no sjå fram til tilbod om høgkapasitet breiband, via fiber, heilt inn i huset sitt. Det er venta at anlegget skal vera i drift så tidleg som i desember 2018.

Har du enno ikkje teikna intensjonsavtale, men ønskjer tilgang til det nye nettet, kan du kontakta kommunen ved prosjektleiar Geir Svendsen.

Me oppdaterer artikkelen med meir informasjon om framdriftsplanar så snart Telenor er klar med desse.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut