Hjarta

Korona og psykisk helse

Korleis dempe uro og bekymring omkring korona?  Enkle råd og gode lenker til barn og vaksne. Publisert med løyve av forfattar: Kommunepsykolog Trude Os, Sogndal kommune.

Mange reagerer no med uro og bekymring på Koronapandemien. Det er mykje usikkerheit, retningslinjer endrast stadig, og vi blir bombardert med informasjon frå fleire kanalar. Familiar skal fungere saman heile døgeret utan den sosiale kontakten vi er vande med. Auka stress og bekymring er heilt normalt no. 

Generelle råd for korleis du kan dempe uro: 

  1. Set deg inn i anbefalingar frå myndigheiter – både nasjonalt og lokalt. Ver svært nøye på at du henter informasjon frå pålitelege kjelder. Ver kritisk til kor informasjon stammer frå anten du les den gjennom sosiale media, nettsider, eller slekt/venner.
  2. Avgrens tida du bruker på bekymring og oppdatering kring pandemien 
  3. Oppretthald normal rytme på søvn, mat og aktivitet gjennom døgeret.
  4. Ver aktiv
  5. Sjå det store perspektivet – dette vil gå over.
  6. Snakk med nokon om bekymringane dine. 

Born treng også informasjon

Barn kan oppleve auka bekymring og stress. Her er viktige punkt for deg som føresett når du skal ivareta barnet ditt i denne situasjonen: 

  1. Snakk med barnet om kjenslene som det har.
  2. Gje borna god og rett informasjon.
  3. Skap tryggleik og formidle håp.
  4. Forsøk å vera roleg sjølv, dette vil barnet merke. 
  5. Noko av det beste du kan gje borna dine no er tålmod.
  6. Ring og be om hjelp dersom du opplever at du som vaksen ikkje handterar situasjonen.

Lenker til eit utval gode informasjonskjelder om psykisk helse og koronavirus: 

Hjelpetelefonar og chat som du kan kontakte ved behov for å prate med nokon om bekymringar:

  1. Helsesjukepleierane  i Vik  tlf 57 69 87 11, jordmor tlf. 909 30 769, kl 09.00 – 15.00
  2. Psykisk helseteneste i Vik  tlf 909 90 116 kl 09.00 – 15.00
  3. Alarmtelefonen for born og unge er døgnåpen: tlf 116 111, sms: 417 16 111 https://www.116111.no/
  4. Mental helse har fleire døgnåpne linjer https://mentalhelse.no/fa-hjelp:
    1. Hjelpetelefon for alle som treng nokon å snakke med: tlf 116 123
    2. Foreldresupport for alle som har familierelaterte spørsmål: tlf 116 123 (tast 2), har også chat!
    3. Chattefunksjon: www.sidetmedord.no
  5. Oversikt over ei rekke tilgjengelege telefon- og chattetenester: https://psykiskhelse.no/hjelpetelefoner-og-nettsteder
Tips ein ven  Skriv ut