kv

Koronaviruset - status i Vik kommune

Vik kommune har ikkje motteke melding om nye smittetilfelle i kommunen. Artikkelen er i dag oppdatert med vaksinestatus for kommunen.

Vask hender hold avstand test - Nynorsk[1]

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in English. Skip to information in English; click here. 

Denne sida vert oppdatert kvardagar om lag kl 09.00. I helgane og på raude dagar vert sida oppdatert ved nye koronarelaterte hendingar i kommunen.

 

For å stoppe den Britiske mutasjonen av koronaviruset, har Regjeringa innført strenge regionale tiltak for 25 kommunar i austlandsområdet

Les meir om desse tiltaka på Regjeringa si heimeiside.

Avgjerda til Regjeringa, gjer at Vik kommune har vedteke ny lokal oppfølging for eiga drift (tenester som ikkje er nemnt her, blir drivne som normalt), og kjem med nye tilrådingar til verksemder og innbyggjarar i kommunen:

  • Vik kommune tilrår alle innbyggjarane i kommunen å unngå unødvendige reiser generelt, og særskilt til område med pågåande smitteutbrot. 
  • Alle kommunale bygg blir stengt for fritidsaktivitetar (til dømes idrett, øvingar for kor, øvingar for korps). Bygga er opne for ordinære trenings- og fritidsaktivitetar som gjeld born og unge under 20 år.
  • Ungdomsskulane går til gult nivå. Meir informasjon blir gitt direkte frå skulane til føresette og elevar.
  • Besøksordninga til Vik bygde- og sjukeheim er attende til same reglar som gjaldt før jul, les om dette her.

 

Viktige snarvegar

Innhald

 

Smittestatus 

Per 3. mars kl 09.00 hadde me ikkje motteke melding om nye smitta i Vik kommune.

Tal stadfesta smitta av Covid- 19 i Vik kommune sidan mars 2020: 15

Vik kommune følgjer dei retningslinjer som til ei kvar tid er satt av FHI (folkehelseinstituttet) når det gjeld testing for mistanke om smitte og dei som er påvist sjuke. Likeeins følgjer me opp dei som vert omfatta av karantene og isolasjon.

Attende til innhald, klikk her.

 

Koronatest i Vik kommune

Det vert utført koronatestar alle kvardagar kl 11.00 på Vik Legekontor. For å bestille test må du avtale på tlf 57 69 87 00. På kveld og helgedagar kan du avtale med legevakt på tlf 116117.

Råd om når du bør testa deg finn du på helsenorge.no ved å følgje denne lenka.

Attende til innhald, klikk her.

 

Vaksinering

Status per 26. februar 2021 (vaksinestatus vil bli oppdatert fredagar kvar veke)

Kven har fått vaksine så langt?

  • Alle bebuarar på Vik bygde- og sjukeheim er fullvaksinert.
  • Alle innbyggjarar i Vik kommune som er født i 1937 eller tidlegare har fått tilbod om vaksine, og dermed første dose. Nokre av desse er fullvaksinert.
  • 24 tilsette i kategorien "kritisk helsepersonell" har fått første dose. Nokre av desse er fullvaksinert.

Kva skjer vidare?

  • I veke 9 (neste veke) får me berre nok vaksine-dosar til å setje andre dose til dei som skal ha dette.
  • I veke 10 får me nok vaksine-dosar til å tilby 42 nye innbyggjarar vaksine. Etter veke 10, vil alle som er fødd i 1939 eller tidlegare, ha fått tilbod om vaksine.
  • I veke 9 får me også tilsendt 100 dosar av AstraZeneca vaksinen. Denne vil primært bli nytta til helsepersonell (før veke 9 har kommunen kun fått levert vaksine frå BioNTech Pfizer).
  • Alle over 65 år vil bli oppringt når dei kan få tilbod om vaksine. Det er ikkje naudsynt å kontakta legekontoret eller kommunen. Når me kjem til yngre aldersgrupper, vil det bli avgjort korleis desse vil bli kontakta.
  • Me har enno ikkje motteke opplysningar om kva leveransar kommunen vil motta frå veke 11 og vidare.
  • Me ber om at alle tenkjer gjennom om dei vil ha vaksine, slik at dei er førebudde når telefonen med tilbodet kjem.
  • Vaksineringa framover vil for det meste skje på helsetunet.
  • Når alle over 75 år er ferdig vaksinert, vil dei yngre som har visse risikofaktorar få tilbod om vaksine. Kommunen følgjer nasjonale retningsliner for kva rekkjefølgje innbyggjarne får tilbod om vaksine. Du kan lesa om dette på Helsenorge.no ved å følgje denne lenka.

 

Generell informasjon om vaksine mot Covid 19

Vik kommune følgjer nasjonale prioriteringar når det gjeld rekkefølgje på kven som som får vaksine, og me vil informere når me er klar for vaksinering av nye grupper. Me ser fram til å kunne gi våre eldste og mest sårbare innbyggjarar tilbod om vaksine mot Covid-19 sjukdom.

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. 

Kommunen eller fastlegen din kontaktar deg dersom du er prioritert for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakta kommunen eller fastlegen for å setja seg på venteliste, eller tinga tima. Etter kvart som andre grupper enn dei som fyrst er prioritert får tilbod om vaksine, vil det koma ut meir informasjon om korleis denne vaksinasjonen går føre seg.

Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre vert alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdomar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom. 

I starten vil det ikkje vera nok vaksine til alle som er tilrådd å ta koronavaksine. Kommunen følgjer nasjonale retningsliner for kva rekkjefølgje innbyggjarne får tilbod om vaksine. Du kan lesa om dette på Helsenorge.no ved å følgje denne lenka.

Meir informasjon om vaksinasjonsprogrammet hjå FHI:

Attende til innhald, klikk her.

 

Besøk ved Vik Bygde- og sjukeheim

Me ynskjer svært gjerne at bebuarane våre skal få besøk, og ynskjer derfor å samstundes informera om besøksordningane på sjukeheimen.

  • Besøkstid frå 10.30 til 13.00, og frå 15.00 til 18.00.
  • Pårørande får ikkje vera på besøk under måltid.
  • På grunn av ein-metersregelen kan me kun ta i mot to besøkjande om gongen.
  • Me ber om at familiane avtalar litt seg i mellom slik at ein er med å passar på at pasientane ikkje har kontakt med svært mange på kort tid, dette er vanskeleg for oss å fylgje med på.
  • Besøkjande som kjem frå, eller har vore på reise i, område med mykje smitte skal ikkje komma på besøk på sjukeheimen før dei har vore i ti dagar i område med lite smitte.
  • Ein skal ikkje komma på besøk om ein er sjuk, eller har vore i kontakt med nokon som er smitta med Covid-19.
  • Pasientane kan vera med pårørande heim, med same smittevernreglar som inne på sjukeheimen. Alle som er tilstades i heimen under besøk skal førast på eigenerklæring for besøk-skjema når ein hentar eller kjem tilbake med pasienten.
  • Dersom ein planlegg å ha selskap med fleire enn 5 besøkjande anbefaler me ikkje at sjukeheimsbebuarar er tilstades.

Ein treng ikkje avtala besøk på førehand, men det er fint om ein gjer det likevel. Då kan me gjera klar pasienten til de kjem, og det går raskare å komme inn.

For å avtala besøk kan ein ringe vakttelefon på avdelingane.

  • Avdeling 1: 915 62 368
  • Avdeling 2: 975 83 095

Attende til innhald, klikk her.

 

Informasjon frå NAV Vik

"NAV Vik"
Postadresse: Postboks 93, 6891 Vik i Sogn
Telefon 55 55 33 33
E-post: nav.vik@nav.no
 
Nav Vik er ope for publikum att frå og med måndag 18.1.21.

 

Alternative måtar å kome i kontakt NAV

Du finn alternative måtar du kan kontakte NAV på ved å følgje denne lenka.
 
Ring NAV kontaktsenter på telefon 55 55 33 33 mellom kl. 09.00-15.00. Her får du rettleiing.

www.nav.no er ope heile døgnet.
På «Min side» kan du; ta direkte kontakt med din rådgjevar via digital aktivitetsplan, nytte «Skriv til oss», sjekke utbetalingar, registrere deg som arbeidssøkjar, søke stønad m.m. Om noko hastar eller du ynskjer å setja opp avtale, kan NAV kontaktsenter vidareformidla melding, og det vert teke kontakt med deg.
 
Dersom du har spørsmål om pensjon kan du ringe 55 55 33 34 for rettleiing, er du arbeidsgjevar eller behandlar kan du ringe 55 55 33 36 for rettleiing.
 
Skal du levere noko til NAV kan du sende dette pr post eller legge det i konvolutt i postkassen utafor inngangsdøra til Kommunehuset.

Du finn elektronisk søknadsskjema på Vik kommune si heimeside under; Skjemaer bokstaven Ø, dersom du har behov for økonomisk sosialhjelp
 
Er du i akutt krise og må snakka med NAV Vik angåande sosiale tenester, ring tlf  907 01 724.»
 
Attende til innhald, klikk her.

 

Rettleiarar, vedtak og oppmodingar

Attende til innhald, klikk her.


        

Lenker:

Attende til innhald, klikk her.

 

Telefonnummer

  • Vik legekontor: 57 69 87 00
  • Legevakt: 116 117
  • Informasjonstelefon til Folkehelseinstituttet: 815 55 015

Attende til innhald, klikk her.
 

 

Tips ein ven  Skriv ut