kv

Koronaviruset - status i Vik kommune

Vik kommune har ikkje fått melding om fleire smitta sidan førre oppdatering. Les også vaksinestatus. Les også oppdatert vaksinestatus per veke 24.

Munnbind
Vask hender hold avstand test - Nynorsk[1]

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in English. Skip to information in English; click here. 

Latest information in English and several other languages:

 

Siste status om smitte og vaksinering

I veke 25 vil innbyggjarane som er født i 1959, 1960 og 1961 få vaksine, og det blir opna for at alle som er født i 1962, 1963, 1964, 1965 og 1966 kan tinge time til vaksinering i veke 25 og 26. Dei det gjeld vert varsla med SMS når timebestillinga er opna. Personar som er født seinare må vente til dei mottek sms om at dei kan tinge time (timar som blir tinga for tidleg, blir strokne att). Les heile vaksinestatusen her!

Vik kommune har ikkje fått melding om fleire smitta sidan førre oppdatering. Les statistikk om smitte i Vik kommune her.

 

Viktige snarvegar

Innhald

 

Smittestatus 

Vik kommune har ikkje fått melding om fleire smitta sidan førre oppdatering. 

Tal stadfesta smitta av Covid- 19 i Vik kommune sidan mars 2020: 19

Vik kommune følgjer dei retningslinjer som til ei kvar tid er satt av FHI (folkehelseinstituttet) når det gjeld testing for mistanke om smitte og dei som er påvist sjuke. Likeeins følgjer me opp dei som vert omfatta av karantene og isolasjon.

Attende til innhald, klikk her. 

 

Nasjonale reglar og lokal oppfølging

Regjeringa la tysdag 13.4.21 fram nye nasjonale råd og reglar, gjeldande frå og med fredag 16.4.21. 

Les alle reglane og tilrådingane gjeldande frå 16. april på regjeringa si heimeside.

Vik kommune gjer følgjande tilpassing av lokal oppfølging av dei nasjonale reglane, gjeldande frå og med 16.4.21:

  • Kommunehuset opnar att for publikum. 
  • Alle kommunale bygg opnar att for aktivitetar som er i tråd med dei nasjonale reglane og tilrådingane.
     

Koronatest i Vik kommune

Det vert utført koronatestar alle kvardagar kl 11.00 på Vik Legekontor. For å bestille test må du avtale på tlf 57 69 87 00. På kveld og helgedagar kan du avtale med legevakt på tlf 116117.

Råd om når du bør testa deg finn du på helsenorge.no ved å følgje denne lenka.

Attende til innhald, klikk her.

 

Vaksinering

Status per 18. juni 2021 (vaksinestatus vil bli oppdatert fredagar kvar veke)

Kven har fått vaksine så langt?

  • Alle innbyggjarar på Vik bygde- og sjukeheim er fullvaksinert.
  • Dei fleste innbyggjarar født i 1954 eller tidlegare er fullvaksinert.
  • Alle innbyggjarar med sjukdomar med høg risiko for alvorleg forløp er fullvaksinert.
  • Alle innbyggjarar med underliggjande sjukdomar.
  • Dei fleste født i 1958 eller tidlegare har fått tilbod om første dose.
  • 112 personar blant helsepersonell.

Kva skjer vidare?

 

Generell informasjon om vaksine mot Covid 19

Vik kommune følgjer nasjonale prioriteringar når det gjeld rekkefølgje på kven som som får vaksine, og me vil informere når me er klar for vaksinering av nye grupper. Me ser fram til å kunne gi våre eldste og mest sårbare innbyggjarar tilbod om vaksine mot Covid-19 sjukdom.

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. 

Kommunen eller fastlegen din kontaktar deg dersom du er prioritert for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakta kommunen eller fastlegen for å setja seg på venteliste, eller tinga tima. Etter kvart som andre grupper enn dei som fyrst er prioritert får tilbod om vaksine, vil det koma ut meir informasjon om korleis denne vaksinasjonen går føre seg.

Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre vert alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdomar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom. 

I starten vil det ikkje vera nok vaksine til alle som er tilrådd å ta koronavaksine. Kommunen følgjer nasjonale retningsliner for kva rekkjefølgje innbyggjarne får tilbod om vaksine. Du kan lesa om dette på Helsenorge.no ved å følgje denne lenka.

Meir informasjon om vaksinasjonsprogrammet hjå FHI:

Attende til innhald, klikk her.

 

Besøk ved Vik Bygde- og sjukeheim

(Gjeldande frå 16.4.2021)

Etter dei nye reglane og anbefalingane frå helsedirektoratet endrar me retningslinjene for besøk i tråd med dei nasjonale retningslinjene. 

  • Ver venleg å avtala besøk på førehand.
  • Dersom du har vore på reise i område med høgt smittetrykk, ber me om at du ventar i minst 10 dagar etter reisa før du kjem på besøk. 
  • Besøkande skal fylle ut eigenerklæring for bruk til smittesporing.
  • Om du er sjuk med luftvegssymptom, feber, er sett i karantene eller ventar på svar på Covid-19 test skal du ikkje komma på besøk.
  • Det er eigne retningslinjer for besøkande til alvorleg sjuke og døyande pasientar. Ta kontakt med den aktuelle avdeling i slike situasjonar.

Under besøket må du:

  • Utføra handhygiene når du kjem og når du reiser.
  • På grunn av krav om avstand kan me ikkje ta i mot fleire enn to besøkande om gongen inn på pasientrom. Unntaket er born som er så små at dei sit på fanget under besøket (kan vera besøk nr. 3).
  • Besøkande bør holda minst ein meter avstand til bebuarar, personalet og andre, og vert oppfordra til å bruka munnbind dersom avstand ikkje kan holdast.
  • Det er unntak frå avstandsregelen for vaksinerte beburar: Desse kan ha nær fysisk kontakt med eit avgrensa tal uvaksinerte besøkande, dette skal vere dei same over tid.
  • Viss både pasienten og den besøkande er vaksinerte kan ein ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt.
  • Bebuarane er oppfordra til å ha få nære kontaktar, og tal besøkande skal ikkje overstiga dei nasjonale retningslinjene for besøkande i eigen heim.
  • Bebuarane skal sjølv bestemma kven som er deira næraste.

Ved besøk utanfor institusjon:

Dersom ein har med gåver, mat eller anna:

  • Bebuarar kan ta imot gåver, blomar og liknande. Det er ikkje behov for spesielle forholdsregler, men viktig å fylgja generelle råd for håndhygiene, då dette vil førebygge indirekte kontaktsmitte.
  • Hvis besøkende har med mat, bør alle utføre håndhygiene før maten serveres og inntas. Besøkande skal ikkje nytta kjøkken i institusjonen.

Besøkstider alle dagar:

  • 10.30 - 12.30
  • 15.30 - 17.30

For å avtala besøk kan ein ringe vakttelefon på avdelingane.

  • Avdeling 1: 915 62 368
  • Avdeling 2: 975 83 095

Attende til innhald, klikk her.

 

Kven svarar på spørsmål om Korona

Spørsmål frå arbeidstakarar

Koronarelaterte spørsmål, som f.eks. gjeld arbeidsforhold, innreisekarantene, fare for smitte på arbeidsplassen m.m. ta kontakt med din arbeidsgivar. Det er arbeidsgivar si plikt å rettleie sine arbeidstakarar. 

UDI (innreisereglar, opphaldsløyve, karantene og dokumentasjon)

Frå midnatt fredag 29. januar gjeld det strenge reglar for innreise til Norge for borgarar frå alle land. UDI oppdaterer nettsida si etterkvart som dei får meir informasjon som gjeld innreisereglar og opphaldsløyve, eller spørsmål om å få lov til å reise til Norge. Du finn også informasjon om karantene og dokumentasjon for unntaka som gjeld for reise inn i landet. Les om dette hjå UDI ved å følgje denne lenka.

Har du spørsmål du ikkje får svar på kan du ringje til UDI-Vest på tlf.nr.: 55 30 09 99

Ved stor pågang må du pårekna kø på telefonen.

Nav svaar på spørsmål frå arbeidstakar som gjeld dagpengar, arbeidsavklaringspengar og permittering m.m. kontakt NAV på tlf.nr.: 55 55 33 33

 

Spørsmål frå arbeidsgivarar

Koronarelaterte spørsmål, som f.eks. gjeld innreisekarantene, risikovurdering/fare for  smitte på arbeidsplassen m.m. ta kontakt med arbeidstilsynet. 

Arbeidstilsynet – 73 19 97 00
Opningstider sentralbord: 08.00–15.45
Opningstider svarteneste og Chat: 09.00–11.00 og 12.00–14.00

Søknadsportal for godkjenning av innkvartering for arbeidstakarar i innreisekarantene finn du ved å følgja denne lenka.

UDI (innreisereglar, opphaldsløyve, karantene og dokumentasjon)

Frå midnatt fredag 29. januar gjeld det strenge reglar for innreise til Norge for borgarar frå alle land. UDI oppdaterer nettsida si etterkvart som dei får meir informasjon, som gjeld innreisereglar og opphaldsløyve, eller spørsmål om å få lov til å reise til Norge. Du finn også informasjon om karantene og dokumentasjon for unntaka som gjeld for reise inn i landet. Les om dette hjå UDI ved å følgje denne lenka.

Har du spørsmål du ikkje får svar på kan du ringje til UDI-Vest på tlf.nr.: 55 30 09 99

Ved stor pågang må du pårekna kø på telefonen.

Nav svarar på spørsmål frå arbeidsgivar som gjeld dagpengar, permittering, lønnskompensasjon, refusjonar m.m. kontakt NAV på tlf.nr.: 55 55 33 36

 

Spørsmål frå privatpersonar

Me oppmodar alle til å gå inn på Folkehelseinstitutet (FHI) si heimeside for å få informasjon og råd om koronaviruset. Har du spørsmål du ikkje får svar på kan du ringje informasjonstelefonen:

815 55 015. Ved stor pågang må du pårekna kø på telefonen.  

Unntak: Spørsmål om bestilling av test eller ved mistanke om smitte ring Vik legekontor på telefon 57 69 87 00 eller legevakt utanom kontortid på telefon 116117.

Attende til innhald, klikk her.

 

Informasjon frå NAV Vik

"NAV Vik"
Postadresse: Postboks 93, 6891 Vik i Sogn
Telefon 55 55 33 33
E-post: nav.vik@nav.no
 
Nav Vik er ope for publikum att frå og med måndag 18.1.21.

 

Alternative måtar å kome i kontakt NAV

Du finn alternative måtar du kan kontakte NAV på ved å følgje denne lenka.
 
Ring NAV kontaktsenter på telefon 55 55 33 33 mellom kl. 09.00-15.00. Her får du rettleiing.

www.nav.no er ope heile døgnet.
På «Min side» kan du; ta direkte kontakt med din rådgjevar via digital aktivitetsplan, nytte «Skriv til oss», sjekke utbetalingar, registrere deg som arbeidssøkjar, søke stønad m.m. Om noko hastar eller du ynskjer å setja opp avtale, kan NAV kontaktsenter vidareformidla melding, og det vert teke kontakt med deg.
 
Dersom du har spørsmål om pensjon kan du ringe 55 55 33 34 for rettleiing, er du arbeidsgjevar eller behandlar kan du ringe 55 55 33 36 for rettleiing.
 
Skal du levere noko til NAV kan du sende dette pr post eller legge det i konvolutt i postkassen utafor inngangsdøra til Kommunehuset.

Du finn elektronisk søknadsskjema på Vik kommune si heimeside under; Skjemaer bokstaven Ø, dersom du har behov for økonomisk sosialhjelp
 
Er du i akutt krise og må snakka med NAV Vik angåande sosiale tenester, ring tlf  907 01 724.»
 
Attende til innhald, klikk her.

 

Rettleiarar, vedtak og oppmodingar

Attende til innhald, klikk her.

 

Telefonnummer

  • Vik legekontor: 57 69 87 00
  • Legevakt: 116 117
  • Informasjonstelefon til Folkehelseinstituttet: 815 55 015

Attende til innhald, klikk her.

Tips ein ven  Skriv ut