Tenester A-Å
Snarvegar
- Barn og familie
- Bibliotek, kultur, idrett og fritid
- Bustad og eigedom
- For besøkjande
- For innbyggjarane
- For tilsette
- Gebyr og satsar
- Helse
- Kommunereforma
- Krisesenteret
- Ledige stillingar
- Næringsliv
- Omsorg, trygd og sosiale tenester
- Postliste
- Sjølvhjelp
- Velkomen til Vik
- Vik kulturskule
- Vikafjellstunellen
Kulturminne - løyve til inngrep
Generelt
Tenesteomtale
Dersom du har eit kulturminne på eigedommen din og planlegg eit tiltak som kan skade, dekkje til eller skjemme det på annan måte, må du så tidleg som mogleg melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne). Dette gjeld kulturminne som er automatisk freda, det vil seie kulturminne datert før år 1537 og alle samiske kulturminne datert før år 1917. Eksempel på slike kulturminne kan vere gravhaugar, offerplassar, dyregraver og bautasteinar. Kulturminne kan vere på land eller under vatn.
Målgruppe
Privatpersonar eller verksemder som skal setje i gang mindre tiltak.
Samarbeidspartnarar
aaa
Riksantikvaren har utarbeidd fleire retningsliner.
Lover
ForvaltningslovenKulturminneloven
Retningslinjer
Arkeologiske kulturminner og nedgravde ledningsanleggDekning av utgifter til arkeologiske arbeider ved mindre, private tiltak (rundskriv)
___
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
I planleggingsfasen av eit tiltak bør du sjekke ut om tiltaket kjem i konflikt med registrerte automatisk freda kulturminne. Dette gjer det mogeleg å gjere justeringar på eit tidleg tidspunkt. Sjekk gjeldande arealplanar og kartløysingar som hentar data frå kulturminnedatabasen Askeladden. Ta omsyn til alle dei arealbehova som tiltaket medfører, slik som riggområde, transport, anleggsvegar, lagring av massar, m.m.
Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du vil ha meir informasjon om ordninga, eller dersom du er usikker på kva som er eit mindre, privat tiltak.
Høve til å klaga
Du kan klage på vedtaket frå Riksantikvaren om å gje løyve eller nekte tiltaket. Dersom vedtaket inneber vilkår om arkeologiske utgravingar, kan du klage på dette. Klagefristen er seks veker. Klaga skal sendast til Riksantikvaren. Dersom Riksantikvaren lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Miljøverndepartementet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
___Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2018-09-10 09:35