Planutsnitt

Kunngjering av planvedtak for Hovsviki

Reguleringsplan for Hovsviki i Vik  vart godkjend av Vik kommunestyre i møte 6.4. 2017, sak 23/17.
Planområdet ligg ca. 2 km frå Vik sentrum, langs med fylkesveg 92 mellom Vik og Liktvor.
 Landdelen av planområdet utgjer ca. 34 daa og strekker seg frå fjordlina og eit stykke sør om fylkesveg 92.

Vedteken plan legg m.a. til rette for 3 nye fritidsbustader/bustader sør for fylkesvegen og inntil 3 nye naust ved fjorden.

Vedtaket vart gjort i medhald av §12-12 i Plan- og bygningslova, og er bindande for alle arbeid og tiltak i planområdet frå dato for vedtak.
Partar i planområdet vert informerte med brev.

Møtebok Vik kommunestyre sak 23/17
Innkomne merknader etter høyring

Her kan du sjå planforslaget som har vore utlagt til høyring tidlegare i år

Vedtaket kan klagast inn for Fylkesmannen av partar og andre med rettsleg klageinteresse. 

Evt. klage må vera innkomen  til: 

Vik Kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn,  innan  15.5.2017

Klage kan sendast på E-post:   postmottak@vik.kommune.no

Eventuelt kan klaga sendast på formularet nedanfor. Klaga vert då motteken i kommunen sitt postmottak

 

 





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut