Vikja-Seimsvegen avgrensa område-illustrasjonsfoto 2

Kunngjering av planvedtak for områderegulering Vikja-Seimsvegen

Områderegulering for Vikja – Seimsvegen vart samsrøystes vedteken av Vik kommunestyre i møte 15.02.2018, sak 005/18. Planen avklarar i hovudsak rammene for utbygging og bruk av eksisterande og nytt næringsareal aust for elva Vikja, frå Seimsvegen i nord til Vange bru i sør.

Vedtaket vart gjort i medhald av §12-12 i Plan- og bygningslova, og er bindande for alle arbeid og tiltak i planområdet frå dato for vedtak.

Vedtaket kan klagast inn for Fylkesmannen av partar og andre med rettsleg klageinteresse.

Partar i planområdet vert informerte med brev.

Møtebok Vik kommunestyre sak 005/18 av 15.02.18 
Innkomne merknader del 1 
Innkomne merknader del 2 
Plankart
Planføresegner
Planomtale
​Illustrasjonsplan

Evt. klage må sendast til:

Vik Kommune
Postboks 134,
6891 Vik i Sogn

Klage kan òg sendast på e-post: postmottak@vik.kommune.no

Eventuelt kan klage innsendast på formularet nedanfor. Merknaden/innspelet går då direkte til kommunen sitt postmottak. Frist: 26.03.2018

 

 

 





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut