Statens kartverk

Kunngjering av vedtak i namnesak 2015/4

Med heimel i lov om stadnamn § 5 tredje ledd har Kartverket Bergen gjort vedtak i saka.

Med heimel i lov om stadnamn § 5 tredje ledd har Kartverket Bergen vedteke at namna skal skrivast slik:

  • Ålrek (gard 75)
  • Ålrek (bruk 75/1, 2 og 3)
  • Ålrekneset (nes)
  • Ålrekstølen (støl, undernamn til Vøvringen)
  • Ålrekelvi (elv)
  • Bårlog (namnegard, gard 157 og 158)
  • Indre Bårlog (gard 157)
  • Indre Bårlog (bruk 157/1 og 2)
  • Ytre Bårlog (gard 158)
  • Ytre Bårlog (bruk 158/1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8 og 10)
  • Bårlogneset (nes)
  • Breili (namnegard, gard 144 og 145)
  • Nedre Breili (gard 144)
  • Nedre Breili (bruk 144/1, 2, 3, 4 og 5)
  • Øvre Breili (gard 145)
  • Øvre Breili (bruk 145/1, undernamn til Ivarli)
  • Breilibakken (bakke)
  • Grundeland (gard 137)
  • Grundeland (bruk 137/2, 3, 6, 8, 10)
  • Grundeland (bruk 139/4)
  • Grundeland (bruk 135/18)

Etter § 10 i lov om stadnamn kan vedtak om skrivemåten påklagast av offentlege organ, grunneigarar og festarar når det gjeld gardsnamn/bruksnamn, og lokal organisasjon med særleg tilknyting til stadnamnet.

Klagefristen er tre veker rekna frå onsdag 15. mars.

Eventuell klage skal sendast til Kartverket Bergen, Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss
(post@kartverket.no), med kopi til Vik kommune, Postboks 134, 6891 Vik i Sogn (post@vik.kommune.no)

Klaga skal grunngjevast. Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta, som er arkiverte hjå vedtaksorganet. Det er høve til å søkja om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klagen er avgjord.

Vedtaksbrevet frå Kartverket Bergen finn du her.

Tips ein ven  Skriv ut