illustrasjon av fangdam_badedam Asplan Viak AS

Kunngjering om vedtak av reguleringsplan for Badnadalen, Vik

Kommunestyreret sitt vedtak  20.12. 2016 om godkjenning av planframlegg  er kunngjort i Sogn avis  med fylgjande annonsetekst :

«Kunngjering om planvedtak for Badnadalen.

Reguleringsplan for Badnadalen i Vik  vart godkjend av Vik kommunestyre i møte 20.12.2016, sak 103/16.

Planområdet  på om lag 30 daa omfattar eksisterande plass for grønkompost, og omlag 260 m av Stadheimselvi/Vetlaelvi med elveforbygging og tilstøytande landbruksareal .

Planen skal m.a. leggja  til rette for  bygging av ein fangdam og utbetring av elveløp og elveforbygging  for å sikra areala nedstraums mot flaum og flaumskred .

Vedtaket vart gjort i medhald av §12-12 i Plan- og bygningslova, og er bindande for alle arbeid og tiltak i planområdet frå dato for vedtak.

Partar i planområdet vert informerte med brev.

Planen er utarbeidd  for Vik Kommune av rådgjevarfirma  Asplan Viak  AS .

Plandokument:

-Møtebok  Vik kommunestyre sak 103/16

-Planomtale

-Planføresegner

-Plankart

-Merknader  ved offentleg ettersyn.

-ROS-analyse

- Tiltaksplan for skredsikring i Stadheimselvi. NVE 2014

-NVE 14-2 sikring Stadheimselvi

Vedtaket kan klagast inn for Fylkesmannen av partar og andre med rettsleg klageinteresse. 

Evt. klage må vera innkomen  til:
Vik kommune
postboks 134,
6891 Vik i Sogn,  innan  7.2.2017

Klage kan òg sendast på e-post:postmottak@vik.kommune.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut