Bilete Kålsete

Kunngjering om vedtak av reguleringsplan for Kålsetvegen og reguleringsendring for deponi i Bøadalen i Vik

Kommunestyreret sitt vedtak  16.2. 2017 om godkjenning av planframlegg  er kunngjort i Sogn avis  med fylgjande annonsetekst:

«Kunngjering om planvedtak for reguleringsplan Kålsetvegen og reguleringsendring for deponi i Bøadalen. Reguleringsplan for Kålsetvegen, og reguleringsendring for massedeponiet i reguleringsplan rv.13 Bøadalen–Tistel vart godkjent av Vik kommunestyre i møte 16.2.2017, sak 005/17.

Reguleringsendringa legg til rette for lagring av steinmassar frå Goteviktunnelen på regulert deponiområde for Vikafjelltunnelen. Steinmassane skal brukast til vegbygging i samband med Vikafjelltunnelen Reguleringsplan for Kålsetvegen legg til rette for naudsynt opprusting av vegen for massetransporten fram til deponiet.

Vedtaket vart gjort i medhald av §12-12 i Plan- og bygningslova, og er bindande for alle arbeid og tiltak i planområdet frå dato for vedtak.

Planen er utarbeidd   av Statens Vegvesen. Partar i planområdet vert informerte med brev.

Nedanfor finn du lenk til fylgjande saksdokument:

- Møtebok  Vik kommunestyre sak 005/17
- Merknader ved offentleg ettersyn.
- Omtale av innkomne merknader. Notat Statens Vegvesen.
- Reguleringsplan Kålsetvegen.
​- Reguleringsendring deponi i Bøadalen.

Under fana Sjølvhjelp – Offentlege høyringar ligg aktuelle plandokument i samband med offentleg ettersyn og høyring av  reguleringsplan Kålsetvegen  og reguleringsendring for deponi i Bøadalen.

Vedtaket gjev klagerett etter Forvaltningslova av 10. feb 1967.
Vedtaket kan klagast inn for Fylkesmannen av partar og andre med rettsleg klageinteresse. Klagen skal sendast Vik kommune.  Klageinstans er Fylkesmannen.

Evt. klage skal sendast:
Vik Kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Klage kan òg sendast på e-post:postmottak@vik.kommune.no

Klage kan innsendast på formularet nedanfor. Klagen går då rett til kommunen sitt postmottak. Evt. klage må vera innkomen  til: 20.03.17





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut