Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...
Reguleringsplankart Kleivi

Kunngjering om vedtak av reguleringsplan for Kleivi, Vangsnes

Kommunestyreret sitt vedtak  15.9.2016 om godkjenning av planframlegg  er kunngjort i Sogn avis  med fylgjande annonsetekst (kursiv):

 

Kunngjering av planvedtak for  Kleivi, Vangsnes.

Privat reguleringsplan for  Kleivi, Vangsnes vart godkjend av  Vik Kommunestyre  i møte 15.9.2016, sak 74/16.

Planområdet omfattar ca. 3,4 daa  landareal  mellom sjøen og RV13  om lag  0,8 km sør for Vangsnes ferjekai.

Planen  legg til rette for  bygging av 4 nye fritidsbustader av rorbutype, opprusting av 4 eksisterande nausteigedomar, samt felles avkøyrsle og parkering.

Vedtaket vart gjort i medhald av §12-12 i Plan- og bygningslova, og er bindande for alle arbeid og tiltak i planområdet frå dato for vedtak.

Vedtaket kan klagast inn for Fylkesmannen av partar og andre med rettsleg klageinteresse. 

Evt. klage på planvedtaket  må vera innkomen  til 

Vik Kommune postboks 134, 6891 Vik i Sogn,  innan  20.10.2016

Klage kan sendast på E-post:   postmottak@vik.kommune.no

Partar i planområdet vert informerte med brev.

 

-Møtebok  Vik kommunestyre sak 74/16

-Planomtale

-Reguleringsføresegner

-Plankart

-Merknader  ved offentleg ettersyn.

-Merknader etter avgrensa høyring.

Tips ein ven  Skriv ut