illustrasjon Tenål

Kunngjering om vedtak av reguleringsplan for Tenål, Vik

Kommunestyreret sitt vedtak  16.2. 2017, sak 004/17 om godkjenning av planframlegg  er kunngjort i Sogn  avis  med fylgjande annonsetekst  :
«Kunngjering om planvedtak forTenål. Reguleringsplan for Tenål i Vik  vart godkjend av Vik kommunestyre i møte 16.2. 2017, sak 004/17

Planområdet  på om lag 120 daa  omfattar areal på begge sider av Vetlaelvi frå Seljadalsvegen og om lag 500m oppover.
Deler av planområdet på sørsida av elva er fareområde for flaumskred, og planen legg til rette for sikring av både eksisterande og ny busetnad.

Vedteken plan legg  til rette for bygging av  45-50 nye bustader, og ny veg frå Tenåltunet til fylkesveg 121 Seljadalsvegen i samsvar med hovudvegløysing alternativ 2 .

Vedtaket vart gjort i medhald av §12-12 i Plan- og bygningslova, og er bindande for alle arbeid og tiltak i planområdet frå dato for vedtak.

Planen er utarbeidd  for Vik Kommune av rådgjevarfirma  Asplan Viak  AS. Partar i planområdet vert informerte med brev.
Nedanfor er lenker til  fylgjande saks dokument :

- Møtebok  Vik kommunestyre sak 004/17

- Innkomne merknader etter høyring
  Merknader 1
  Merknader 2  

- Omtale av innkomne merknader etter høyring.

- Notat om konsekvensar for bumiljø Seljestokkane

Andre aktuelle saksdokument er lagt ut  under fana Sjølvhjelp - Offentlege høyringar - reguleringsplan for Tenål til offentleg ettersyn.

Vedtaket gjev klagerett etter Forvaltningslova av 10. feb 1967.
Vedtaket kan klagast inn for Fylkesmannen av partar og andre med rettsleg klageinteresse. Klagen skal sendast Vik kommune.  Klageinstans er Fylkesmannen.

Klaga kan sendast pr post til:

Vik Kommune postboks 134,
6891 Vik i Sogn

Klage kan òg sendast på e-post: postmottak@vik.kommune.no

Klage kan innsendast på formularet nedanfor. Klagen går då rett til kommunen sitt postmottak. Evt. klage må vera innkomen  til: 20.03.17





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut