Paaror

Kurs for pårørande til personar med demens

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. 

Gjennom faglege førelesningar, plenums- og gruppesamtaler får du kunnskap om demens og treff andre pårørande i same situasjon. Fagpersonar med kompetanse på området vil vera til stades på kurset. 

Kurset har 6 samlinger, kl. 14-16 på Vik bygde- og sjukeheim. 
Påmelding innan 12/9.

Tema: 
26/09: Ulike typar demens, utvikling og behandling
10/10: Pårøranderolla, erfaringsutveksling
24/10: Bruk av tvang/samtykkekompetanse, førarkortvurdering, verjemål
07/11: Utfordrande atferd, tiltak
21/11: Tilrettelegging for aktivitet, velferdsteknologi
05/12: Tilbod i kommunen, frivillige organisasjonar sitt tilbod

Kurset er ope for deltakarar frå andre kommunar.    
     
Kursavgift: kr. 250 inkl. «Handbok for pårørande» og kaffimat. 

For påmelding og informasjon:
Annet Neeleman, tlf. 975 83 095 eller e-post: antje.elizabeth.neeleman@vik.kommune.no
eller
Frøydis Haga, tlf. 481 10 399 eller e-post: froydis.haga@vik.kommune.no.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut