Kulturminne

Kurs i kulturminnesøk

Er du interesesrt i kulturminne? Bli med å setje Vik på "kulturminne-kartet"!  

Kurset er onsdag 2. mars 2016 kl 17:00 -19:30 på Flatbygdi skule i Vik (datarommet på ungdomsskulen).

Dette er eit mini-kurs i bruk av Riksantikvaren si teneste «Kulturminnesøk». Kurset er ein del av arbeidet med kulturminneplan for Vik kommune.

På mini-kurset vil vi gje ei kort innføring i korleis ein brukar Kulturminnesøk og korleis ein sjølv kan legge inn informasjon om kulturminne. Ein kan laste opp bilete, tekst, video, kommentar og lenkjer. Ein treng ikkje ha med seg eige datamaskin på kurset. Kurshaldar er Karen Weichert.

Påmelding til Karen Weichert (tel. 905 34 102, karen.weichert@vik.kommune.no
innan måndag 29. februar.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut