Vaksenopplæring

Kurs i norskopplæring for framandspråklege i verksemder i Vik kommune

I samarbeid med Vik kommune tilbyr Folkeuniversitetet nettbasert kurs i norskopplæring for tilsette i verksemder i Vik kommune. 

Kurset har oppstart vinteren 2021, og det blir lagt opp til kveldsundervisning. Det blir i fyrste omgang tilbod om nybegynnarkurs  på A1-nivå. Kurset er på totalt 96 timar, og er fordelt på to kurs à 48 timar, norsk A1 del 1 og norsk A1 del 2.

Kvar modul kostar kr 5200. Påmelding via Folkeuniversitetet finn du her. 

Vik kommune ynskjer å setje fokus på å få fleire til å lære norsk. Me dekkjer difor halvparten av undervisningsavgifta for inntil 15 deltakarar. 

Kursplan - Vik vinteren 2021

Tips ein ven  Skriv ut