Kurs i stell av lauvskog

Fylkesmannen, TRETEMA AlS og Balestrand  kommune  inviterar til dagskurs i lauvtrestell på Kvamsøy  tysdag 21. april. Frammøte  på Kvamsøy  Samfunnshus (like ved rasteplassen til Statens Vegvesen)

Forynging med lauvskog krev kunnskap og kompetanse. Forynging etter hogst er obligatorisk. Samstundes er arealet som gror att aukande. Forynging med lauvskog er adskillig meir krevjande enn planting av gran når det blir stilt krav om at den nye skogen skal ha minst like god kvalitet og produksjon som den som vart avverka. For dei som ynskjer å forynge lauvskog er dette kurset eit glimrande starttilbod! Kurset er retta mot skogansvarlege i kommunane og bønder med særleg interesse for stell og produksjon av lauvtre!

Kurset kostar kr 300,-. Påmelding til Merete Larsmon, 97140060 fmsfmla@fylkesmannen.no innan 15. april. Kursavgifta kan ein få refundert i frå skogfond.

0930 - 1000:
Velkommen, kaffi og orientering rundt svartkjelen.

1000 - 1100:    
Kvifor lauvtre. Kort teoretisk innføring i lauvtrestell med bakgrunn i marknaden sitt krav til kvalitet. Om val av treslag, avstandsregulering, stammekvisting,  tabellar og skriftleg materiale.

1100 - 1230:    
Feltarbeid. Teori i praksis. Val og merking av framtidstre ut frå dei retnings­linjene vi har vorte presentert.

1230 - 1330:    
Servering og samling rundt bålet. Ordet fritt.

1330- 1500:    
Feltarbeid. Avstandsregulering og stammekvisting.

1500 - 1600:        
Kort om våre mest sentrale lauvtre. Vekst og vekstvilkår, fysiske og mekaniske eigenskapar, enkle tretekniske forsøk.

1600 - 1615:    
Evaluering og oppsummering..

1615:   
Vel heim!

Kursansvarlege er Norodd Baug, TRETEMAA/S, Jørgen Hundseth, Balestrand kommune og Merete Larsmon, fylkesmannen  i Sogn og Fjordane.

Vi har sager og ryddekniver til utlån, men ta gjeme med eige utstyr dersom de har.

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut