Chiku Ali

Kva skjer når kulturar møtast og korleis løyser vi dei utfordringar som kjem?

Vik Kommune inviterer alle som er involvert i integreringsarbeid i Vik og nabokommunane til foredrag om utfordringar i høve til integrering.

Tid og stad: Onsdag 24. februar kl 14:00 – 16:15, Blix Hotell, Vik i Sogn

Vi får besøk av Chiku Ali som er spesialkonsulent hjå RVTS-Vest og har mange års erfaring innan brubygging mellom kulturar.

Chiku vil fortelje om din rolle som frivillig eller profesjonell (integrerings)medarbeidar i eit fleirkulturelt miljø. Du vil bli inspirert, du får kunnskap og blir betre rusta til å sjå og ta i bruk dei fordelane dette gir deg i arbeidet ditt.

Det blir god tid til spørsmål og refleksjon undervegs. Foredraget vender seg til alle som jobbar i eit fleirkulturelt miljø – anten frivillig eller profesjonelt.
 
Påmelding: då det er eit begrensa tal plassar ynskjer me at du melder deg på. Det kan du gjera på skjemaet her.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut