Tenester A-Å
Kvalifiseringsprogram
Generelt
Tenesteomtale
Målgruppe
Personar som treng tett og koordinert oppfølging over tid for å komme ut i arbeid
Kriterium/vilkår
Du er mellom 18 og 67 år, har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og har ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV.
Samarbeidspartnarar
På Nav-kontoret arbeider dei tilsette saman for å finne fram til heilskaplege og individuelt tilrettelagde løysingar. Deltakarane skal ha tett og koordinert hjelp. Dei tilsette samarbeider derfor med næringsliv, helsevesen, frivillige organisasjonar, osv. Samarbeidspartnarane vil avhenge av innhaldet i programmet.
aaaKvalifiseringsprogrammet er ei lovpålagd oppgåve som kommunar tilbyr dei som fyller vilkåra i lova. Sjå sosialtenestelova §§ 29-40.
Lover
ForvaltningslovenSosialtjenesteloven
Forskrifter
Forskrift om habilitering og rehabilitering___
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Ta kontakt med NAV Vik.
Sakshandsaming
Nav-kontoret skal sikre at saka di er så godt opplyst som mogleg før saka blir avgjort. Ein skal vurdere konkret og individuelt kva for opplysningar som er nødvendige for å behandle saka og korleis desse skal dokumenterast. Opplysningane skal så langt som råd innhentast i samarbeid med deg. Søknaden skal vurderast individuelt, og både godkjenning og avslag skal vere grunngjeve i eit vedtak. Kvalifiseringsprogrammet skal starte seinast seks månader etter at du har levert søknaden. Før start skal du ha gjennomgått ei obligatorisk arbeidsevnevurdering.
Sakshandsamingstid
Nav skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Høve til å klaga
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Nav innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Nav-kontoret skal hjelpe dei som treng hjelp til å få utforma klage. Dersom Nav lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
___Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2020-03-02 08:27