Ladepunkt

Ladepunkt for el-bilar i Vik

Vik kommune har fått installert tre ladepunkt for el-bilar på kommunehuset. Punkta er plassert på veggen på austsida av kommunehuset (ved kaia).

Ladepunkt skilting
Riksveg 13
Ladepunkt skilting
Skilting på kaihus
Ladepunkt
Ladepunkt

Dei tre parkeringsplassane er frå no av reserverte for elbilar. Vi forventar at det primært er tilreisande som vil nytte seg av ladepunkta, men dei er tilgjengelige for ålmenta.
Det er gratis å bruke ladepunkta, men brukaren må sjølv syte for kabel mellom ladepunktet og bilen. Ein treng ikkje nøkkel eller brikke for å bruke punkta. Punkta er opne heile døgeret.

Det doble ladepunktet er «Type 2 mode 3» og kvart punkt har ein ladekapasitet på 7,4 kW. Det enkle ladepunktet er av typen Schuko med maks ladestraum på 10A (2,4 kW).

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut