Korona status: Sist oppdatert 5.4.20

Du er her: Heim Næringsliv Landbruk
Rundballar

Lagring av rundballar og handtering av landbruksplast

Ein stor del av grasavlinga blir lagra i rundballar. Denne lagringsmåten har mange fordelar men det er viktig å ha lagringsplassar som er eigna slik ein unngår negative effektar på miljøet. 

I samband med Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane 2016-2021 blei det utarbeidd ein tiltaksplan. I denne står det: «Viktige tiltak innan landbruket er å utarbeide tiltaksplan mot overgjødsling og å redusere påverknad frå avsig frå silofôr. Problemkartlegging er fremma som tiltak for å finne fram til kor stor påverknaden er og type tiltak som må gjennomførast.»
 
Mange har etablert ein praksis med å samle rundballane i utkanten av ein teig, og i somme tilfelle skjer dette på elvekanten eller inntil ei gro eller ein bekk. Dette er ei uheldig plassering, sidan eventuell avsig av pressafta kan renne ned i vassdraget. Målingar som blei gjort i Nordfjord viser at ureininga stig i periodar husdyrgjødsla skal ut, og etter slåtten.

 

Kva er konsekvensane for pressaft i vassdraget? 


Følgjande er henta frå Norsk Landbruksrådgjeving sin rapport om «siloslått – lagringsmåtar og handtering av pressaft»:
Konsentrasjonen av organisk materiale, ulike sukkerarter ol. i pressaft er i stor grad avhengig av tørrstoffprosent i graset ved hausting. Til dømes gir fortørka gras mindre pressaft, men prosentvis større innhald av organisk materiale. Det er viktig å ha klart for seg det er berre små mengder pressaft som skal til for å starte algevekst, forbruk av oksygen og i verste fall fiskedød i vassdrag. I tillegg vil ein i grøfterøyr og kanalar oppleva sterk framvekst av algar som i neste omgang kan slamma til områda og grøfterøyra.
 
Det skal berre til 1 liter silopressaft til 5000 l vatn for å starta opp den biologiske prosessen som fører til algevekst og forbruk av oksygen i vatnet.
 


Korleis bør rundballar lagrast?


Rundballar bør helst lagrast på ugrøfta mark med god naturleg drenering eller oppgrusa område. Terrenget bør vere mest mogleg flatt og det bør minimum vere 50 meter frå bekk, kanal, kum på lukka leidning eller veggrøft. På jord med dårleg naturleg drenering må ikkje rundballar ligge med helling til vassdrag.
Den 22. mars 2017 var Norsk landbruksrådgjeving Vest i Vik og hadde ein presentasjon om tiltak for å redusere tap av næringsstoff. Her var også lagring av rundballar eit tema. Du kan lesa presentasjonen her!

 

Handtering av landbruksplast


Det finst returordningar for landbruksplast. Men gjenvinninga er avhenging av at plasten er sortert riktig. Les meir om dette her.

Det finst ei returordning også i Vik kommune.

Dersom rundballarplasten blir liggjande for lenge i terrenget går den delvis i oppløysing, og plastbitane blir vanskelege å fjerne. Plastbitane kan då også ureine naturen og vassdrag.

 

Lenkjer

 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut