Rundballar

Lagring av rundballar og handtering av landbruksplast

No når fyrste slåtten er i gang er det viktig å finne gode lagringsplassar for rundballar. Det er spesielt viktig å unngå at det kan sige pressaft i groer, bekkar og elver, der allereie små mengder silosaft kan utløyse algevekst med etterfylgjande oksygenmangel i vatnet og i verste fall fiskedød.

Vik kommune har no i vår/sommar fått uvanleg mange meldingar om landbruksplast som er komme på avvege og ligg i veg- og elvekanter. Kommunen oppmodar gardsbrukarane å bruke returordningane som finst for landbruksplast, slik at denne kan resirkulerast.
 
Les meir om lagring av rundballar og handtering av landbruksplast her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut