Du er her: Heim Næringsliv Landbruk
Kirke og kyr i Vik 2014-05-19-904 bilete

Landbruk

Det er vel 170 landbruksføretak i Vik som driv jordbruksproduksjon . Mjølkeproduksjon er den størst driftsforma, på andreplass kjem produksjon av sauekjøt og på tredje plass frukt og bær. Vik har også geitemjølk-produksjon, kjøtproduksjon på ammeku, grønsaker, veksthus og bi-røkt m.m. Her er ikkje svinehald, pelsdyr, egg og fjørfe.

Mange driv landbruk i deltidstilling, men det er oftast fleire i familien som deltek i arbeidet på eit gardsbruk. NILF har rekna ut at sysselsetjinga i jordbruket  i Vik  utgjer 159 årsverk (à 1845 timar). Av desse er det 64 årsverk i mjølkeproduksjon (ku og geit) inkl. kjøttproduksjon med ammeku. I sauehaldet er det 68 årsverk og i produksjon av frukt og bær er det 26 årsverk (utan sesongarbeidarar).

Med 159 årsverk i tradisjonelt jordbruk, 13 årsverk i skogbruket, om lag 13 årsverk i tilleggsnæringar og 20 årsverk i landbruksbasert industri som er avhengig av landbruket, kjem ein til at landbruket genererer 205 årsverk i Vik kommune. 

 

ingressbilete verdiskapingskake

Oppgåver knytt til landbruk
Dei er 3 tilsette som dekker fagområda jordbruk, skogbruk, utmark, og viltforvaltning ligg under eininga Plan og forvaltning. Viktige oppgåver er td. tilskotsordningar og lovforvaltning. Ei opplisting av nokre av tenestene våre finn du i menyen til venstre.

Spesielt for Vik kommune:

  • Det er utarbeidd ein eigen tiltaksstrategi for bruk av spesielle miljøverkemiddel i Vik kommune, sjå meir under SMIL-midlar og om NMSK under skogbruk
  • Kommunen har starta arbeidet med å registrere og prioritere viktige område for jordbruk og kulturlandskap, jf lenken Kjerneområde Landbruk til venstre. Arbeidet vert vidareført i samband med ny arealdel til kommuneplanen.

Lenker
Du finn og mange eksterne lenker med informasjon frå andre offentllege sider til venstre på sidene t.d. skjema frå Statens Landbruksforvaltning. sjå og
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar